Lokal | 14. mars 2010

Åtvarar etter amputasjon

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 14. mars 2010 19:17

Han hugsar ikkje mykje frå ulykkeskvelden. Men då han vakna frå koma prøvde han å protestera då legen sa dei hadde amputert den eine foten hans ved ankelen.

Det er Bergens Tidende som skriv om osingen og kokken Dag Robert Sørås, som krasja på motorsykkel i Oslo i juli 2007. Etter å ha feira at restauranten han jobbar på hadde vunne American Express sin pris for beste service i Oslo.

- Eg tenkte ikkje på korleis eg kunne kjøra med promille. Det er noko eg alltid har vore imot, seier han til BT.

Han trudde heller aldri at han kom til å stå på vannski eller snowboard igjen, men det klarar han, takka vera ulike proteser. Likevel åtvarar han mot å kjøra med promille.

- Dei som kjører med promille er anten uvitande eller så bryr dei seg rett og slett ikkje, seier han.





Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.