Lokal | 10. feb. 2013
Åtvarar mot is over Søvikåsen
Laurdag var det både utforkjøring og tillaup til kaos over Søvikåsen, melder lesar. Vegen blei laurdag kveld stengt.


Kjetil Vasby Bruarøysundag 10. feb. 2013 09:31
Politiet i Os har hatt ein roleg laurdagskveld og natt til søndag.
Men ikkje alle har hatt ein problemfri kveld.
– Det var kaos på toppen av Søvikåsen, fortel ein Midtsiden-lesar.
Vedkomande kontakta redaksjonen laurdag kveld og fortalte om svært vanskelege kjøreforhold.
– Bilar sto bom fast og det blei kø på begge sider. Det var også minst éi utforkjøring.
Innringaren fortel at det ligg mykje is med djupe hjulspor i eit langt strekk av vegen.
Os kommune stengte vegen med bom laurdag kveld. Vegen opna igjen rett før klokka 13 søndag.