I midten av februar åtvara politiet mot "stumme" polakkar som kom på døra til folk for å tigga. No har politiet igjen blitt kontakta av folk som har fått polakkar på dørene.
Les òg:
Fann spor rundt hus
- Vi har førebels berre fått melding frå éin person, men vi veit at dei ofte opererer i grupper. Derfor er sjansen stor for at dei dukkar opp fleire plassar i Os dei neste dagane, seier Kjartan Snorrason.
Politiet har tidlegare mistenkt seljarane for å vera på observasjonsrunde for seinare å gjera innbrot. Det er blant anna observert seljarar som, dersom ingen opnar døra, tar seg ein runde rundt huset for å sjå.
- Vi er interessert i tips om nokon får besøk av desse utanlandske seljarane, seier Snorrason.
Politiet treff du på 480 02 480.
Lokal | 15. mars 2010
Åtvarar mot seljarar
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 15. mars 2010 21:52
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.