Lokal | 22. okt. 2011

Audi vs hjort

Ein ungbukk måtte bøta med livet og ein bil blei skadd i fronten i ein samanstøyt laurdag kveld.

Audi vs hjort
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 22. okt. 2011 19:15

Laurdag i 19.30-tida fekk Midtsiden melding om ein påkjørt hjort på Moberg.

Ingen personar blei skadd, men bilen, ein Audi A3, fekk ein god bulk i fronten og hjorten, ein pik (haltanna-årsbukk), døydde.

Både politiet, viltkontakten og mannen som kjørte på hjorten var på staden då Midtsiden kom fram.

– Hjorten hoppa ut i vegen, kryssa kjørefeltet, snudde og sprang tilbake, seier føraren.

Ulykka skjedde rett nord for tunnelen på Moberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.