Auka eiga godtgjersle
Ordføraren får lønsauke på vel 80.000 kroner og dermed aukar betalinga til dei andre politikarane òg.
Tysdag handsama kommunestyret ombodsutvalet si innstilling til revisjon av reglementet for folkevalde i Os kommune.
- Ombudsutvalet går for å likastille ordførarløna med løna til stortingsrepresentantane. Vi ønskjer òg å oppjustera taket for arbeidsforteneste frå 2000 til 3000 kroner, forklarte Eirik André Hesthamar (Frp), leiar i Ombodsutvalet.
Eksternt fastsatt
Ordførarløna blei for nokre år sidan redusert til litt under 90% av ein vanleg stortingsrepresentant si grunnløn grunna innsparingstiltak ein såg seg nøydd til å gjera. Politikarane i utvalet som skal ivaretaka dei folkevalde sine interessar (ombodsutvalet) meinte no tida var inne for å justere oppatt ordførarløna til 100%.
Endringa gjev ordførar Terje Søviknes (Frp) ei lønsauke frå 696 900 til 777 630 kroner.
- Vi støtter forslaget og meiner det er rett at godtgjersla blir fastsatt på grunnlag av eit sentralt styrt tal.
- Samstundes er det viktig at ikkje vi som folkevalde forskyner oss urettmessig av kommunekassa. Men det er riktig, også for rekrutteringa, at folkevalde ikkje tapar økonomisk på å gjera ein jobb for samfunnet, meinte Lars Atle Skorpen (Ap).
Ville auka meir
Dei øvrige folkevalde i Os kommune får godtgjersla si basert på ein prosentsats av ordførarløna.
Terje Hatvik (V) støtta forslaget om å oppjustera ordførarløna, men tok samstundes til ordet for at varaordføraren skulle få meir.
- Vi vil retta søkjelyset på varaordføraren og meiner at han eller ho burde kjøpast fri i ei 30%-stilling i staden for 25% som i dag.
- I tillegg meiner vi at medlemmane i kontrollutvalet, som gjer ein minst like viktig jobb som medlemmane i dei andre utvala bør få auka godtgjersla si til 2 promille i staden for 1,5.
Framlegget frå Hatvik gjorde at ordførar Terje Søviknes på vegne av Frp ba om eit gruppemøte. Resultatet blei at kommunestyret vedtok endringane foreslått frå ombudsvalet, men samstundes sendte Hatvik sine forslag til utvalet for ei nærare utgreiing.
Endringa vil totalt sett utgjera ei auke i godtgjersle til folkevalde på omlag 267 000 kroner i året.