Næringsliv | 10. jan. 2019

Auka tempo på Halhjem Kafé

Drivarane som overtok i haust er svært nøgd med starten. No har dei planar om nye aktivitetar frå same kjøkken.

Auka tempo på Halhjem Kafé
Halhjem Kafé har vore i drift i over 50 år, frå i fjor med nye drivarar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. jan. 2019 11:14

I fjor sommar teikna Det Naturlige Kjøkken AS leigekontrakt på Halhjem Kafé, i oktober opna kokkelaget til Lukasz Brekke dørene.

– Opningsdagen var veldig god, og besøkstalet har faktisk halde seg oppe.

– Vi har lagt på nærmare 100 gjestar kvar søndag sidan opning, med unntak av siste søndag før jul, då var vi nede i 50-60 gjestar, fortel Lukasz.

Lukka selskap

Ved sidan av open kafé kvar søndag, driv selskapet catering og lukka selskap i eige lokale.

– Vi hadde fleire julebord før jul, to selskap i romjula og vi har tre selskap no i januar. Mai er nesten fullbooka, den eine helga med fem konfirmasjonar på to dagar, mens vi har ein del ledig i bryllaupssesongen.

– Også om søndagen, mens kafeen har vore open, har vi hatt selskap med rundt 30 gjestar i kjellaren. Det er kanskje plass til opptil 40 gjestar nede, og det har fungert fint å ha lukka lag parallelt med open kafé.

Vil starta trendy takeaway

Det Naturlige Kjøkken held fram med drift som før, men vil i løpet av februar eller mars utvida med nok eit tilbod.

– Eg har tidlegare jobba med trendy, heimelaga og næringsrik takeaway-mat i Bergen, og veit at det også fungerer bra blant anna på Askøy, og ønskjer å testa dette ut i Os.

Han nemner asiatiske rettar som sushi, ramen (suppe) og dumpling (mjølbollar fylt med kjøtt), men òg burger og taco.

– Tacoen skal vera autentisk, som den dei lager i Mexico, og heimelaga frå botnen, også lefsene. Burgeren blir òg med vår vri.

– Vi kjem til å bruka nokre veker på å forma menyen, og på å bli endå betre på sushi. Målet er å tilby næringsrike og smakfulle rettar, både for henting og utkøyring, men vi startar nok med å tilby dette i helgene, frå fredag til søndag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.