Lokal | 17. apr. 2010

Aukande oppdragsmengd

Os brannvesen har hatt fem helserelaterte utrykkingar på éi veke.

Aukande oppdragsmengd
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 17. apr. 2010 07:45

Os brannvesen har first respond-teneste, eller framskoten eining, som det blir kalla på norsk. At brannvesenet rykker ut på helserelaterte oppdrag, når den eine ambulansen Os og Samnanger har er opptatt, har allereie redda fleire liv.

No merkar brannsjef Stein Gjøsund eit auka behov for tenesta.

- Vi har hatt fleire utrykkingar i år enn i fjor på denne tida. Berre den siste veka har vi hatt fem slike utrykkingar, fortel han.

Stige og spikerpistol
Nokre oppdrag har vore på generelle helseproblem, andre har vore relatert til arbeid med hus og hage. Eit fall frå ein stige og ei kvinne som ved eit uhell skaut seg sjølv med ein spikerpistol var blant det som skjedde medan ambulansen var opptatt.

- Kan årsaka til auka i utrykkingar vera at amulansen i Os no også har Samnanger som ansvarsområde?

- Det er klart sjansen for at ambulansen er opptatt aukar i takt med ansvarsområdet, men det er nok meir tilfeldig. Ambulansen har nok framleis ein del ledige timar, det er meir det at ting ofte skjer samstundes.

Lærerik samling
No skal ny brannstasjon byggast, utan kommunalt fjernarkiv, men ifølgje rådmannen sitt ferske framlegg til vedtak, med legevakt i same bygning.

- Om Helse Bergen kjem etter med ambulansen veit vi førebels ikkje, men det å få kontorfellesskap med legevakta vil bli praktisk og lærerikt.

- Vi kan utveksla erfaringar, ha kort veg til kvarandre ved spørsmål og felles kantine og undervisingsrom for kurs og for eksempel debriefing etter utrykking som har gjeve sterke inntrykk, seier brannsjefen.

Det er teikna skisser for tre ulike typar tilbygg til den komande brannstasjonen, i nord, i sør og i høgda. Det skal vera praktisk mogleg å samla både politi og ambulanse på brannstasjonstomta på Moberg.

Les om ny brannstasjon her.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.