Aukar med 10 mill til sosialhjelp og legevakt
Budsjett 2018: Stramt, men med rom for auke – budsjettet i korte trekk.
Seint tysdag kveld presenterte rådmann Christian F. Fotland sitt framlegg til budsjett for 2018 for kommunestyret.
– Vi har lagt opp til eit driftsoverskot for 2018 på 22,8 millionar kroner. Ikkje rør dei!
– Dei pengane treng vi når vi kjem til 2020 og 2021 kor budsjettrammene viser eit overforbruk på 15,1 og 23,3 millionar.
– Når vi må tappa kommunen sine fond for å finansiera driften, då nyttar vi meir penger enn vi får inn. Bruker vi meir i 2018, så vil det få konsekvensar for dei komande åra, poengtert Fotland.
Budsjettet i korte trekk
Her er dei viktigaste endringane i driftsbudsjettet, i korte trekk.
Oppvekst og kultur:
• Auke til barnehagane på 9 millionar, grunna auka barnetal
• Auka bemanning i barnehagane på 2 millioner, grunna pedagognormen
• Lagt inn midlar til fire nye klassar i barneskulen, får to nye årsverk
• Osbadet får driftsmidlar til å drifta den nye dobbelthallen på Kuventræ
• Ny 40 % jordmordstilling retta mot rettleiing av gravide arbeidstakarar
• Avslutta samarbeidet med Tysnes PPT. - Vi har ein pressa situasjon i vår eigen PPT, sa Fotland.
• 800 000 kroner til prosjekt Betre Læringsresultat til Leselos og DUÅ, men likevel noko redusert kapasitet
• Avvikla den kommunale kontantstøtta, berekna til om lag 1 million kroner
Helse og omsorg
• Statleg finanisering av omsorgstenestene held fram
• Sosialhjelp aukar med 5,5 millionar. - Ei kollosal auke, krysser fingrane for at vi ikkje må bruka dei, kommenterte rådmannen
• Legevakta, auka med 3,5 årsverk, auka med 4,5 millionar.
• Ny fastlegeheimel ved Moberg legesenter
• Ny organisering i Brann, legevakt, beredskap. Legevakt og brannvesen skil lag.
• Livskvalitetsprosjektet på Vartun held fram. Legg inn kommunale midler til juni 2019, når støtta frå staten forsvinn sommaren 2018.
Samfunnsutvikling
• Ny stilling innan området samferdsle
• Auka ramme til teknisk drift med 3,5 millionar, mellom anna til drift av nye bygg
• 1,3 millionar til teknisk drift til nye Luranetunet
• 1 million til utarbeiding av kommunale planar
• Generell driftsauke på prosjektavdelinga - mellom anna til auka bemanning på VA
Midtsiden kjem tilbake med meir om budsjettet.