Aukar prisen for å få ned forbruket
Ønskjer at vi skal ned til 0,8 plastposar i veka.
Handelens Miljøfond har frå 1. august auka medlemskontingenten sin frå 1 til 2 kroner per plastbærepose.
Det fører til at fleire butikkar også aukar prisen på handleposane sine.
NRK er blant dei som viser til prisane har passert 4 kroner, og har sjekka med fleire butikkar i daglegvarekjedar i Bergen, der Bunnpris er billigast med 4 kroner per pose, dei andre ligg på 4,25 kroner.
Målet er å redusera bruken av plast.
– Sjølv om utviklinga går i riktig retning, har vi fortsatt ein stor jobb framfor oss for å nå plastposemålet til Norge, skriv Handelens Miljøfond.
Kor mange posar bruker du?
Tar du ein storhandel med 4-5 posar i veka, og supplerer med eit par posar til inn mot helg?
Då bruker du over 300 posar i året, det doble av snittet. Samtidsig kan du dela forbruket på dei som bur i huset.
I snitt bruker vi 132 plastposar i året per innbyggar, i alt 722 millionar posar i 2022.
– Det er ein nedgang på 12 prosent frå 2021, opplyser Handelens Miljøfond.
Målet er å få det årlege forbruket ned i 40 posar i året, altså 0,76 posar i veka, innan utgangen av 2025.
Kan redusera med 5000 tonn i året
Det høge forbruket av plastbæreposar bidrar til at vi kastar 14.048 tonn ekstra med plast i året.
Om vi når målet med 40 posar i året, blir mengda plastavfall redusert med 5,2 tonn.