Auksjon og kakefest
Torghandelen under bondens dag bydde på smaksprøvar, gode tilbod, auksjon og bakekonkurranse.
![Auksjon og kakefest](https://cdn.sanity.io/images/ahcmq7tx/production/7854170b48f2dc9f35897204fd8b54920f58058a-1140x760.jpg?q=85&fit=max&auto=format&w=1600&width=1600)
I samband med bondens dag inviterte Os sentrumsforening til kåringa av den beste kakebakaren i bygda.
- Det var berre tre som stilte med kake, men for ein kakemons som meg var det heilt fantastisk, smiler Geir Amundsen, leiar i sentrumsforeninga.
Dei tre bakedamene Aud Fosse, Jannike Glomsaas og duoen Inger Johanne Stangeland/Gjertrud Jensen veit kva dei driv med og imponerte dommarpanelet med bakekunstane.
- Vi fekk tre nydelege kaker. Ei ostekake, ei gulrotkake og ei gul trompet kantarellkake. Personeleg må eg seie at kantarellkaka imponerte stor med ein fantastisk smak.
Dei tre blei alle premiert med gevinstar frå S. Tveit, Jernia Sælen og Osøyro Libris. Dommarpanelet besto av Geir Amundsen, Tove S. Tvedt, Paul Hans Sælen og Olav Botnevik.
Høg stemning på auksjon
S. Tvedt slo like gjerne til med auksjon framfor butikken under torgdagen.
- Høyrer eg 200 kroner, bodet er 150. 150 første gang, 150 andre gang, solgt for 150 kroner, ropte aksjonarius Klas Færøvik ut.
At det var mange som gjorde gode kjøp på auksjonen er det liten tvil om, mellom anna gjekk ei hekkesaks med verdi 1500 kroner for berre 200.
- Eg har intrykk av at dei fleste utstillarane og kundane er godt nøgd med dagen.
- Nokre har vel hatt ei litt lågare omsetning enn dei hadde håpa på, men alt i alt er tilbakemeldingane gode, avsluttar Geir Amundsen.