Kultur | 10. nov. 2015

Aurora avlyser konsertar

Aurora Aksnes er sjukemeld og må avlysa fleire konserter denne veka.

Aurora avlyser konsertar
Aurora Aksnes er sjuk og må avlysa fleire konsertar denne veka (foto: AH)
Andris Hamretirsdag 10. nov. 2015 10:56

Søndag skulle Aurora Aksnes ha spelt i Bergen, men konserten som var ein ekstrakonsert etter at den ordinære konsert raskt blei utseld blei avlyst då Aurora fekk akutt omgangssjuke.

Sangfuglen frå Lysefjorden blei innlagt på Haukeland for behandling.

I dag kom ei pressemelding frå managementet hennar som fortel at ho framleis er innlagt på Haukeland og at dei diverre ser seg nøydd til å avlysa alle konsertane denne veka.

– Eg tykkjer det er utruleg leit å måtte avlysa, og håoer vi får satt opp nye konsertar. Det gleder eg meg masse til. Nesten som til julaften, seier Aurora i pressemeldinga.

Aurora skulle etter planen ha vore på ein Noregsturné denne veka. Laurdag spelte ho som planlagt på Hamar, deretter sto Bergen, Drammen, Stavanger og Trondheim for tur.

Etter planen skal ho vera tilbake på scenen i god tid før Fredsspillkonserten i Oslo i 11. desember. Konserten i Oslo 21. november og Kristiansand 5. desember er ikkje avlyst.

Er spelt over 11 millionar ganger

Fredag i førre veke slapp varehuset John Lewis i England si ikoniserte julereklame «Man on the moon» kor Aurora syng Oasis-låta «Half the world away».

Den vare tolkinga frå Lysefjorden-artisten har i løpet av dei første dagane blitt spelt over 11 millionar gonger på youtube. I tillegg har reklamen høg rotasjon på TV-kanalane i England, noko som kan gje 19-åringen det store gjennombrotet i England.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.