Kultur | 04. mai 2015

Aurora bergtar verda

Plateslepp i dag: Aurora haustar terningkast fem og seks for EP-en «Running with the Wolves».

Aurora bergtar verda
Aurora Aksnes gjer suksess med EP-en som ho slapp måndag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 04. mai 2015 08:24

Ho har blitt hylla av Kate Perry på Twitter og av eit samla norsk pressekorps etter at ho rett til topps på NRK Urørt i desember 2012. Det store gjennombrotet kom på By:larm i februar 2014.

– Eg hadde jo ikkje eingong eit band før eg skulle spela på By:larm.

– Ikkje visste eg om det ville koma nokon å høyra på meg heller, men det gjorde det, konstanterte Aurora forsiktig då Midtsiden snakka med ho før solokonserten i Oseana i vinter.

Terningkast 5 og 6

Måndag 4. mai kom den etterlengta EP-en «Running with the wolves» frå Aurora med dei fire låtane Runaway, Running with the wolves, In boxes og Little boy in the Grass.

Tittelsporet har gått rett til topps på straumetenestane og trendar på både Itunes og Spotify.

Musikkmeldarane er ikkje mindre over seg etter å no ha høyrd alle dei fire låtane på EP-en.

«Det er lett å forstå hvorfor «konkurrent» Katy Perry ikke har tvitret om denne, for å si det slik. Én av årets beste låter, uansett sjangerklasse», skriv Aftenposten i si omtale om tittellåta Running with the wolves, og gir fem av seks moglege poeng, før dei held fram:

«Med syv låter ute begynner diskografien til Aurora å nærme seg det man har håpet, trodd og spådd. Talentet bobler.»

«Talentet Aurora Aksnes innfrir så til de grader med sin første utgivelse. Debut-EP'en «Running With The Wolves» med fire låter viser at osingen ikke bare er en fantastisk sanger med evnen til å bevege, hun er også en fantastisk låtskriver og forteller», skriv Ann Kristin Ødegård i BA og trillar til seks på terningen.

Det føste hele albumet frå Aurora er meldt å koma til hausten.

Til New York og Bergen

Kvardagen til talentet frå Lysefjorden er fylt med reiser, konsertar og promotering.

I månadsskiftet mai/juni går turen over dammen til USA kor ho skal gjera to konsertar i New York, éin i Los Angeles og éin i San Francisco før ho vender nasa heim til ein utselt Bergenfest 13. juli.

Turnélivet held fram i Noreg i sommar med konsertar på festivalar som OverOslo og Slottsfjellfestivalen i Tønsberg.

Gladnyheiten for osingane er at vi får ein ny sjanse til å oppleva Aurora praktisk talt på heimebane når ho spelar på Ole Bull Scene 11. november.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.