Aurora frontar TV-aksjonen
Torsdag fekk ho knallkritikk for konserten i Bergen, fredag blei det kjent at «Runaway» blir låta til årets TV-aksjon.
«Hjem, kjære hjem» skriv BT.no og gir Aurora terningkast fem for konserten på Bastionen i Bergen torsdag.
«Aurora er alltid enormt til stede i rollen som formidler; hun går helt og fullt inn i sine egne historier og leverer med en intensitet få andre artister kommer i nærheten av (…) Musikalsk sitter det som støpt. Låtmaterialet er velbalansert og rent musikalsk var det tilnærmet blottet for dødpunkter» meiner dePresno i BT.
Fredag fortalte NRK Hordaland at ein av låtane hennar blir låta til årets TV-aksjon. Låta skal framførast i studio på aksjonsdagen søndag 23. oktober.
– Passar bra
– Runaway er ein song som handlar om ei utrygg verd som får deg til å lengta heim kvar gong du prøver å utforska den, seier Aurora til NRK.
Ho synest låta passar bra til TV-aksjonen og fortel at ho frå før støttar årets mottakar av pengane som blir samla inn; Røde Kors.
Første musikkvideo
«Runaway» var den første låta ho laga musikkvideo av. Her kan du sjå den.
Videoen blei spelt inn i Os og Bergen, hadde release i februar 2015, og er sett over 12,8 millionar gongar.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.