Kultur | 30. juni 2016

Aurora hylla på Roskilde

Aurora har ein travel sommar framfor seg. Onsdag spelte ho på Roskilde til terningkast 5. Laurdag er ho toppnamnet på Bygdalarm i Øystese.

Aurora hylla på Roskilde
Aurora, her på scenen i Oseana, går ein travel sommar i møte (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 30. juni 2016 08:37

Det er ikkje akkurat late dager som preger kvardagen til Aurora Aksnes. I kveld speler ho i Seinäjoki i Finland, fredag blir det Palmesus i Kristiansand, før ho laurdag tek turen på heimlege trakter når ho er toppnamnet under årets Bygdalarm i Øystese.

I løpet av juli og august skal den 20 år gamle artisten frå Lysefjorden gjera 22 spelejobbar på festivalar rundt i Europa, USA og Noreg. Mellomanna står ho på scenen på Bastionen i Bergen 18. august, så også for lokale fans blir det mogleg å oppleve stjerneskotet i sommar.

– Norsk knallstart på Roskilde

Aurora er ei av fleire norske artistar som speler på den sagnomsuste Roskilde festivalen i Danmark. I følgje Aftenposten opna Aurora det norske bidraget på festivalen på best mogleg måte då ho sto på scenen onsdag.

– Når elektropopen til Aurora funker, byr ho på popmusikk frå øvste hylle framfor eit tidvis ekstatisk Roskilde, skriv Robert Hoftun Gjestad i Aftenposten før han trillar ein femmer på terningen.

Etter ein litt puslete start på konserten speler ho og bandet seg opp før dei avsluttar med med hiten «Conqueror».

– Aurora sin sjølvtillit og tryggleik på scenen har definitivt vokse med suksess og antall spelejobbar verda over. Ho har akkurat fylt 20 år, men har allereie full kontroll på musikk, stemme og sceneopptreden, rosar Gjestad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.