Kultur | 07. mai 2015

Aurora i vinden

Aurora opna dei nordiske mediedagane i Bergen. Fredag ser du ho på Senkveld med Thomas og Harald.

Aurora i vinden
Aurora Aksnes song under opninga av dei nordiske mediedagane (lesarbilete, foto: Kristian Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 07. mai 2015 12:57

Framfor kulturminister, kringkastingssjef og medietoppar frå heile norden blei det kortreist underhaldning då dei nordiske mediedagane opna i Bergen onsdag. På scena sto nemleg stjerneskotet Aurora Aksnes.

– Det blei ei stilig og stille opning av mediedagane.

– Aurora hadde meg seg berre ein gitarist på scena og spelte to låtar akustisk, mellomanna Running with the wolves, fortel Kristian Bruarøy, osingen som er leiar i programkomiteen for mediedagane. Dei Nordiske mediedagane er nordens største konferanse for medieverksemder.

Heilt stille

Bruarøy fortel om lovord og enorm respons på Aurora sin opptreden.

– Det var heilt stille i salen då ho sang, men så fort ho var ferdig braka det laus med stormande applaus.

– Eg har berre høyrt lovord om ho etterpå, fortel ein litt hektisk Bruarøy.

Snowden på link frå Moskva

Bruarøy har nemleg ansvaret for at programmet med meir enn 40 forskjellige sesjonar og 1600 deltakarar blir losa vel i hamn.

– No har vi nettopp avslutta ein sesjon kor vi har vist korleis ein kan bruka droner i TV-produksjon.

– Eg synes vi har klart å sy sammen eit spennande program med stjerner frå mediebransjen i inn og utland som foredragshaldarar og bidragsytarar.

– Det heile blir nok toppa når vi får med oss verdas mest kjende varslar, Edward Snowden på direkte-link frå hans sitt ufrivillige eksil i Moskva i morgon ettermiddag, seier Bruarøy.

Dei nordiske mediedagane blir avslutta med Gullruten laurdag. Der kjem ikkje Aurora Aksnes, men ho kan då få med deg om du skrur på Senkveld med Thomas og Harald på TV2 fredag. Aurora er nemleg gjest hjå dei to populære karane, og skal sjølvsagt opptre i programmet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.