Kultur | 10. sep. 2015

Aurora-låt på FIFA 16

Om to veker kjem EA Sports ut med spelet FIFA 16. Blant låtane til det populære fotballspelet er to frå Vestlandet.

Aurora-låt på FIFA 16
Aurora blir no å høyra på FIFA 16. (Arkvfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. sep. 2015 21:35

Laurdag 26. september er sleppedato for FIFA 16.

Lista over låtar på spelet er nettopp gjort offentleg, og blant artistane som er representert er KYGO og Aurora, skriv BT og viser til 730.no.

Aurora har verken laga supportarlåt for Lysekloster eller Os, men osingen blir no altså å høyra på det populære fotballspelet.

Det er låta «Conqueror», som førebels ikkje er gjeven ut, Aurora stiller med på FIFA 16.

Kygo (Kyrre Gørvell-Dahll) er representert med «ID».

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.