Kultur | 30. sep. 2016

Aurora nominert til MTV-pris

Aurora konkurrerer med mellom anna Kygo om å bli beste norske artist på MTV European Music Award. Du kan hjelpe ho å vinna.

Aurora nominert til MTV-pris
Aurora kan vinna MTV-pris. Her då ho spelte på Oseana i vår (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrefredag 30. sep. 2016 10:59

MTV European Music Award blir arrangert i Rotterdam 6. november med Justin Bieber og Beyoncé som programleiarar. Dei to er begge nominert i fem kategoriar kvar, men i ein kategori når dei ikkje opp, «Best norwegian act» er nemleg forbeholdt norske artister.

Der finn vi Aurora i konkurranse med Alan Walker, Astrid S, Julie Bergan og Kygo. Tre av fem artistane kjem altså frå det vestlandske musikkmiljøet.

Du kan vera med å avgjerda om Aurora stikk av med prisen ved å stemma her.

I fjor vann Astrid S kategorien. Dei andre kategoriane er beste song, beste nykommar, beste kvinnelege artist, beste mannlege artist, beste liveband, beste pop, beste rock, beste hip hop, beste alternative musikk, beste elektroniske musikk, beste verdens scene, beste push, største fans og beste video.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.