Kultur | 05. jan. 2016

Aurora nominert til Spellemannprisen

I dag, to månadar før ho kjem med debutalbumet sitt, er Aurora nominert til Spellemannsprisen.

Aurora nominert til Spellemannprisen
Aurora, her på Osfest i 2014, er nominert til Spellemannprisen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 05. jan. 2016 12:13

Nominasjonane til Spellemannprisen blei tysdag offentleggjort og Aurora Aksnes frå Os er blant dei nominerte.

Ikkje berre i ein kategori, men i to!

Aurora, som kjem med debutalbumet sitt i mars, er nominert i kategorien Årets låt med «Running With The Wolves».

Det er tre år og tre veker sidan Aurora si første låt blei lasta opp på Urørt og Midtsiden hadde sitt første intervju med den gryande stjerna.

Dei andre nominerte i klassen er:
Astrid S – «2AM»
Daniel Kvammen – «Du fortenar ein som meg»
Karpe Diem – «Lett å være rebell i kjellerleiligheten din»
Kygo – «Firestone»
Kygo – «Stole The Show» (feat. Parson James)
Madcon – «Don’t Worry»
Marcus & Martinus feat. Katastrofe – «Elektrisk»
Morgan Sulele – «Bare min»
Susanne Sundfør – «Delirious»

I tillegg til å vera nominert til årets låt er Aurora òg nominert i klassen Årets nykommer & Grammo-stipend.

Her konkurrerar ho mot:
Daniel Kvammen
Fay Wildhagen
Kygo
Marcus & Martinus
Sondre Justad

Osfest-aktuelle Marcus og Martinus er i tillegg nominert i klassen Popgruppe med «Hei» og .

Kjelde/sjå alle dei nominerte på NRK.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.