Aurora, her på heimebane i Oseana, er booka til ein av verdas viktigaste musikkfestivalar (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Aurora deler scene med Beyoncé

Aurora booka til ein av verdas viktigaste musikkfestivalar.

Av: Andris Hamre

Onsdag blei det kjend at Aurora er ein av fire norske artistar som er klare for Coachella-festivalen i april. Litt spesielt er at dei tre andre norske artistane også er frå bergensområdet. Desse er Kygo, Alan Walker og Sigrid.

Coachella blir rekna som ein av dei største og viktigaste musikkfestivalane i USA, og startar 13. april i år.

Til festivalen er også andre store namn, som Beyoncé, The Weeknd og Eminem, booka som headliner kvar sin kveld.

Ifølgje arrangøren si heimeside er planen at Aurora skal spela søndag 15. og søndag 22. april.

Coachella, eller The Coachella Valley Music and Arts Festival, blir arrangert på The Empire Polo Club i Indio, California, 37 kilometer aust for Palm Springs. Festivalen i 2017 drog 250.000 tilskodarar. Billettane blei seld ut i løpet av få timar.

Fleire saker