Kultur | 26. nov. 2015

Aurora tilbake til Oseana

VIDEO: 27.februar kjem Aurora tilbake til Oseana. Billettsalet startar no!

Cathrin Valestrandtorsdag 26. nov. 2015 08:00

Stjerneskotet Aurora Aksnes når stadig nye milepælar i musikkarrieren, men ingenting er som å koma heim.

– Det kjennest alltid godt å opptre på min eigen heimstad når ein er så mykje vekke heimefrå! Verda er fin den, men eg kjenner det blir ekstra godt å få legge seg i si eiga seng etter å ha stått på scena der eg vaks opp. Eg gler meg masse! Håper nokon kjem, seier Aurora i ei pressemelding.

Reklame-furore

I desse dagar skaper Aurora furore i årets julereklame for det engelske varehuset John Lewis. Desse årvisse reklamefilmane blir rekna som sjølve starten på julefeiringa for engelskmennene, og tidlegare har store namn som Lily Allen og Ellie Goulding bidrege i varehuset sine påkosta filmar.

Her kan du sjå reklame-videoen.

For fyrste gong er ein ikkje-britisk artist plukka ut til det ærefulle oppdraget, og Aurora skaper begeistring verda over med sin versjon av Oasis- låten «Half the World Away». I skrivande stund har filmen blitt sett nesten 18 millionar gongar på YouTube.

Magisk

Arrangementssjef Berit Steen fortel stolt at ein av to konsertar i bergensregionen neste år blir på Oseana-scenen.

– Vi var så heldige å ha konsert med Aurora her i februar i 2015. At vi får endå ein konsert eit år etterpå er nesten utruleg! Denne jenta reiser verda rundt, men prioriterer å få til endå ein konsert heime på Os, noko vi sjølvsagt er svært glade for, seier Steen.

Midtsiden samleside: Aurora

– Eg får framleis gåsehud av den førre konsertopplevinga. Den vesle jenta trollbatt publikum frå start til slutt, og fleire publikummarar sa det var noko av det beste dei hadde opplevd.

Sjå video frå konserten som gav arrangementssjefen gåsehud i vindauget over.

Utseld

Konserten i fjor vart utseld, og Steen oppfordrar publikum til å ikkje la ein ny sjanse gå frå seg.

– Billettsalet startar no klokka 09.00, så her gjeld det å vere om seg, seier Steen.

Totalt vert det lagt ut 600 billettar til konserten på Os. Dei oppsette konsertane i Bergen og Stavanger i desember er utselde.

Det nye albumet til Aurora kjem ut på vårparten 2016, og i mellomtida skal Aurora opptre både på prisutdelinga P3Gull og på Nobelkonserten, i tillegg til konsertar på scener i inn- og utland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.