Sport | 21. okt. 2009

Austevoll vs Os

Os er favorittar, men ville helst møta Brann 2 i kvalik. Korleis vurderer trenarane sjansen til sine lag?

Austevoll vs Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. okt. 2009 07:38

Laurdag 24.10, kl 14.30: Austevoll - Os
Laurdag 31.10, kl 15.00: Os - Austevoll

Os har flest poeng, Austevoll har dei mest imponerande sigrane. Austevoll har skåra mest, Os har sluppe inn færrast mål. Os har nyleg vore to sesongar i 2. divisjon, Austevoll har aldri spelt på høgare nivå enn 3. divisjon.

No skal dei to laga kjempa mot kvarandre i eit heftig strileoppgjer om plass i 2. divisjon. Kva lag har best sjanse?

- Os har 20 strake kampar utan tap og berre 12 baklengs på heile sesongen. Det er kjempeimponerende! Vi trur dei gjer opphaldet i 3. divisjon kortast mogleg, seier oddssetjar Bjarthe Westerheim i speleselskapet Betsafe.com.

Hos Betsafe får du berre 1,40 i odds viss Os spelar i 2. divisjon neste sesong, medan Austevoll-triumf samanlagt gjev heile 2,70 i odds.

- Austevoll scoret fantastiske 83 mål på 22 kampar og avsluttet strålande, men vi trur Os har eit betre mannskap og gjer det best i desse to kampane.

Erfaring med kniven på strupen
I siste runde blei det avgjort av Austevoll, som har veksla med Brann 2 om plassen på tabelltoppen, heldt seg på topp og kvalifiseringsplass. Austevoll slo Arna-Bjørnar 6-0 framfor rundt 400 tilskodarar laurdag.

- Eg visste at dersom vi fekk to tidlege mål, så ville kampen vera avgjort. Eg har inntrykk av at Arna-Bjørnar har lett for å mista hovudet når dei ligg under, i tillegg er det ofte slik på tampen av sesongen. Gjestane fekk dessutan ein mann utvist, så vi sleit oss ikkje ut, seier Austevoll-trenar Øyvind Pedersen.

Verken Tim Henrik Sperrevik (19 mål til no) i storform eller det solide forsvaret til Os skremmer Pedersen.

- Vi har spelt to kampar mot Brann 2 og til saman sleppt inn to mål og skåra fire på desse to. Baklengsmåla var det Diego Guastavino og David Nielsen som skåra, så vi har stått imot tøffe angriparar før.

- I tillegg har vi fersk erfaring med å spela viktige kampar, i seks sju rundar no har vi gått til kamp og visst at vi trengte siger.

Os håpte på Brann 2
I Bergensavisen laurdag kunne vi lesa om ein Os-trenar som var lite imponert over Brann si talentsatsing. Frank Hellevik sa blant anna at han ikkje vil anbefala sine spelarar å gå til Brann om eliteklubben viste interesse, og at han meiner tidlegare Os-spelar Bjarte Haugsdal var betre for to år sidan enn i dag.

- Eg hadde håpt at Brann 2 vann naboavdelinga vår, fordi eg trur det ville gjeve oss enklare motstand. Eg veit kor god Austevoll er på sitt beste, dei har eit svært høgt toppnivå, seier Hellevik til Midtsiden.no.

- Mot Brann 2 ville vi hatt godt over 50 prosent sjanse til å vinna, no er det heilt ope, legg han til.

- Austevoll har skåra mykje, Os har sleppt inn få mål. Korleis kjem Austevoll til å merka den sterke forsvarsrekka og den gode keeperen til Os?

- Vi har levert jamnare enn Austevoll gjennom sesongen, det er vår styrke. At vi er godt organisert viste vi også i treningskampen mot Fyllingen førre veke, og eg trur Austevoll kjem til å oppleva at det er vanskelegare å vera i angrep mot Os enn mot laga dei har spelt mot til no denne sesongen.

Os og Austevol har spelt to treningskampar mot kvarandre det siste året, og vunne kvar sine.

- Austevoll er sterke heime. Dei siste to åra, inkludert treningskampar, har dei berre tapt tre gongar. Ein gong var for Brann i cupen, dei to andre for Os og Baune, begge med meg som trenar, seier Hellevik.

Men han legg ikkje skjul på at publikum kan bli tunga på vektskåla i bortemøtet førstkomande laurdag.

- Vi slo Hovding 0-5 på bortebane i år. Då var mange osingar utover for å sjå, og eg fekk oppleva kva stort publikum har å bety for gutane. Sjølv om alt blir avgjort på heimebane i siste kvalik-kamp, er bortekampen laurdag like viktig.

- Os er heldig som har eit publikum med mykje fotballkunnskap. V har ikkje berre folk som står og roper "ja!" eller "nei!" - store delar av supportarane til Os forstår kva vi prøver på, korleis vi tenker - og støttar oss i det arbeidet vi gjer.

Austevoll sine fordelar:
• Skårar mykje mål, 83 på 22 kampar
• Har den siste tida kjempa kvar kamp med kniven på strupen
• Stort publikum

Os sine fordelar:
• Tett bak, berre 12 baklengs på 22 kampar
• God fysisk form, har i motsetnad til tidlegare år ofte vore best i 2. omgang
• Avsluttar på grasbanen på Kuventræ, der Os berre har tapt éin gong sidan august 2008

Jobben med å kvalifisera seg til 2. divisjon startar for Os på bortebane, med Os i kvite drakter mot dei oransje austevollingane.

AUSTEVOLL VS OS - I TAL

Poeng i serien (22 kampar), Austevoll: 53 (17 sigrar, 2 uavgjorte og 3 tap)
Poeng i serien (22 kampar), Os: 59 (19 sigrar, 2 uavgjorte og 1 tap)

Skåringar i serien, Austevoll: 83
Skåringar i serien, Os: 64

Baklengsmål, Austevoll: 27
Baklengsmål, Os: 12

Beste kampresultat, Austevoll: 9-1 over Bg. Nord, 8-1 over Vests. Askøy og 6-0 over Arna-Bjørnar.
Beste kampresultat, Os: Trio 7-0, Norheimsund heime og Hovding borte, begge 5-0.

Verste kampresultat, Austevoll: 7-2-tap for Askøy, 1-0-tap for Sandviken og 2-0-tap for Vadmyra.
Verste kampresultat, Os: 0-2 tap for Løv Ham 2, 1-1 mot Djerv borte og 1-1 mot Tertnes heime.

Slutt-tabell etter 22 kampar, avdeling 14 (Austevoll si avdeling)
Slutt-tabell etter 22 kampar, avdeling 15 (Os si avdeling)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.