Kultur | 09. nov. 2012

– Av hesten, Haugan

Ville leiga vekk til Irish Cat: Nattklubb-eigar Espen Risti reagerer på Terje Haugan sin argumentasjon og kritikk av Os kommune.

– Av hesten, Haugan
Espen Risti framfor Oshjørnet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 09. nov. 2012 21:35

Terje Haugan, som representerer Oshjørnet AS, har i to år kjempa mot nattklubben Irish Cat i Os sentrum.

Les òg: Nytt syn på nattklubb?

Espen Risti er medeigar i Irish Cat og eigde nattklubben Opus, som før etablering av Irish Cat ikkje fekk fornya leigekontrakt i Oshjørnet.

Han reagerer på Haugan sin framgangsmåte og viser at Haugan ikkje har vore så opptatt av natteroen i sentrum då det kom til eigne lokale.

1. Haugan prøvde å tilby Risti fleire andre lokale i Os sentrum før Irish Cat teikna kontrakt med Fagerthun.
2. Haugan skal i sommar, ifølgje Risti, tilbydd Irish Cat å kjøpa Oshjørnet og dermed "kvitta seg med konflikten".

– Terje Haugan treng ikkje sitja på ein kvit hest og seia at han kjempar til det beste for utvikling av Os sentrum, og at han alltid har retta seg etter reguleringsplanen og kommunen sin påståtte intensjon om berre å ha bustadar, kontor og butikkar på Osøyro.

– Då han sa opp avtalen med Opus prøvde han å leiga oss lokale både i bankbygget og i Buggegården, seier Espen Risti, og viser oss epostar han fekk frå Haugan på tampen av 2009, eitt år før Irish Cat blei opna.

"2. etasje i gamlebanken, med ny inngang fra Brugata! Da får du inngang på gaten og full fest i 2. etasje." reklamerte Haugan.

Når det kjem til bustadane i same bygningar såg det heller ikkje ut som om eigedomsrådgjevaren såg noko utfordring med å kombinera bustad og nattklubb:

"Det gjelder bare å finne 3 som vil bo sammen og som tåler litt diskomusikk???"

"Litt diskomusikk" skal no vera grunnen til at selskapa Haugan representerer står klar til å gå til sak mot både Os kommune og Irish Cat.

– Prøver å dekka inn eige fiaskoprosjekt

Risti er kritisk til Haugan sin framgangsmåte og kallar det heile for skittent spel.

– Vi blei ikkje samd med Haugan om nytt lokale og signerte avtale med Fagerthun i slutten av januar 2010. Byggearebidet starta på seinsommaren, men først då Oshjørnet fekk godkjent eige bustadprosjekt i oktober byrja dei å klaga på den komande nattklubb-naboen som opna i desember same år.

– Dei har tydelegvis gjort feilinvesteringer i Os sentrum, og i tillegg mista oss som leigetakar. Bustadprosjektet, med store, dyre hus midt i Os, var nok mislykka av fleire årsaker enn at det er liv i Os sentrum om natta.

– No driv dei med finjus og les kommune-arkivet opp og ned i mente, for å gå laus på naboane og prøva å øydelegga det som er av uteliv i Os. Det er som om dei er tvungen til å saksøka folk i forsøk på å dekka inn eige tap.

– Og at Haugan først prøver å tilby oss lokale i både bankbygget og Buggegården, og no i sommar tilbyr oss å kjøpa Oshjørnet for å unngå konflikt, er høgst kritikkverdig, ikkje minst med tanke på korleis han argumenterer inn mot kommunen, meiner Risti.

Synes synd på kommunen

Haugan kritiserer verken Irish Cat eller politikarane i Os kommune, han rettar kritikk mot administrasjonen i kommunen si handtering av saka. Risti tar kommunen i forsvar.

– Her har det vore pub og diskotek i Os sentrum sidan 80-talet, og nattklubb i over 10 år, så skal Haugan bruka reguleringsplan frå 1982 til å fortelja Os kommune om kva som er pårekneleg i sentrum?

– Eg synes synd i kommuneadministrasjonen, som har prøvd vera ryddig og gjort sitt beste for oss som har investert i å gje osingane ein endå betre nattklubb enn før. Så blir dei no ettergått til minste detalj, regelverk blir lest med lupe og den einaste som tener pengar på det er konsulent Haugan. Det er utruleg at eigarane av Oshjørnet og dei andre bygningane let han halda på sånn.

– I tillegg så har vi som selskap tapt mykje på dette, rundt ein halv million kroner i bruk av konsulentar og advokatar. Eg håper politikarane ser dette og at kommunen lykkast i sin kamp mot sånn kverulering.

– Om ikkje ein kommune med over 18.000 innbyggarar skal ha nattklubbar, og om ikkje desse skal ligga i sentrum, så trur eg osingane taper meir enn dei eventuelt vinn med å legga Osøyro daudt på kveld- og nattestid, seier Espen Risti.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.