Av med hatten for 2013
Tysnesfest slepp dei to første banda til neste års festival.
– No er det også fullt hus på dei mindre arrangementa, det er eit eventyr, sa festivalsjef Sigvard Madsen etter årets rekordarrangement på Tysnes.
Les òg: 22.000 på Tysnesfest og Full fest - også på dagtid
– No jobbar vi for fullt for å koma i hamn med ei artistliste som vil gleda store og små i 2013.
Tysnesfest blir arrangert 10. til 14. juli neste år, helga etter Søfteland Rock N LOL på Os.
Rock N LOL sleppte første band i november, Real Ones, Tysnesfest kjem no med to av sine første booka band for 2013:
Sirkus Eliassen og Vamp kjem til Tysnes i 2013.
– Vi er audmjuke og stolte over at Vamp har takka ja til å opptre på Tysnesfest 2013, seier Madsen.
I oktober kom dei med si trettande plate, «Liten fuggel», deira 5 album på rad som går rett inn på 1. plass på VG–lista topp 40.
Sirkus Eliassen, som består av brødreparet Erik «Glede» Eliassen og Magnus «Positivitet» Eliassen, debuterte sommaren 2011 med songen «Hjem til dæ», som låg fleire veker på VG-lista og på NRK P3 si A-liste.
– På Tysnesfest har vi som mål at publikum skal bli i godt humør. Det er vi sikre på at Sirkus Elliasen kjem til å hjelpa oss med! seier Sigvard.
I februar i år kom den dansbare tredjesingelen, «Æ vil bare dans», som raskt blei lagt inn på A-lista til NRK P3. Sirkus Eliassen har spelt låta på TV-program som Lydverket, Senkveld, Sommertid og VG-lista Topp 20 live frå Rådhusplassen.
Dei tre første singlane har selt til fire, to og seks gonger platina. «Før du går» er gutane sin fjerde singel, og den sprudlande sommarlåta er for tida A-lista hos NRK P3. Også den har no selt til platina.