Lokal | 05. juni 2017
Av og på med MF «Fosen»
Her er siste statusrapport for ferja mellom Hatvik og Venjaneset.
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 05. juni 2017 20:36
Andre pinsedag blei det ikkje like lett å koma seg heim for dei som bur i Fusa.
Klokka 13.17 kom det melding om kansellert avgang for MF «Fosen», klokka 15.39 kom det melding om normal ruteproduksjon igjen.
Så, klokka 16.17, blei ferja innstilt grunna tekniske problem.
Litt før klokka 20 fortalde FosenNamsos til BT at det var elektriker om bord, og at problemet kanskje snart var løyst.
No, klokka 20.24, kom det melding om at Hatvik-Venjaneset vil gå som normalt frå klokka 20.50.
På FosenNamsos.no kan du abonnera på trafikkvarsling frå sambandet, som blant anna også var ute av drift 26. mai, 19. mai, og 17. mai.