Kultur | 05. sep. 2018

To av tre frå Os vidare i Idol

– Det var heilt sjukt å bli henta inn igjen! seier Christoffer L. Storvik, som fekk to sjansar framfor juryen.

To av tre frå Os vidare i Idol
Christoffer Leikvoll Storvik gjekk vidare i Idol. (Foto: Endre Forbord, TV2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. sep. 2018 20:44

Bildeserie:

Martine sjarmerte juryen i senk. (Foto: Endre Forbord, TV2)
Martine sjarmerte juryen i senk. (Foto: Endre Forbord, TV2)
Også Ada Keita deltar i Idol. Ho har førebels ikkje vore vist på TV. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Også Ada Keita deltar i Idol. Ho har førebels ikkje vore vist på TV. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 2
Martine sjarmerte juryen i senk. (Foto: Endre Forbord, TV2)
Også Ada Keita deltar i Idol. Ho har førebels ikkje vore vist på TV. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

I kveld fekk vi sjå tre av minst fire deltakarar frå Os på TV2 mens dei song for Idol-juryen.

Julie Nordahl-Pedersen (23) sa ho ville laga show, og fekk ros for både koreografien på dansen og for motet ho viste. Dessverre blei det ikkje nok til at ho gjekk vidare.

Men det gjorde Martine Frotveit Johnsen (17), med glans!

– Du har fått dine tre første fans, sa Gunnar Greve på vegne av seg sjølv og jurykollegaene Silje Larsen Borgan og Tshawe Baqwa.

• Sjå Martine sin audition på TV2.no

Fekk nei og ja

Silje Larsen Borgan sa også ja til Christoffer, men fekk først ikkje gutane i juryen med seg.

Så gjekk ho ut og henta osingen, som såg svært overraska ut, for å få høyra éin låt til, så Gunnar og Tshawe kunne bli overbevist.

• Sjå Christoffer sin audition på TV2.no

Etter andre låt blei det samstemt ja frå juryen, og i juni var Christffer i Oslo.

– Det var utruleg kjekt å gå vidare, og veldig spennande å vera i Oslo, med litt øving og mykje venting, seier Christoffer til Midtsiden.

Christoffer sa før første audition at han ikkje var komfortablel med å synga for publikum. Heime i Os har vi sett han på UKM éin gong, i 2013, og på Er-An Veikro sin talentkonkurranse, Up & Coming.

– Eg har òg sunge på Amfisenteret ein gong, og då eg var DJ på Jentefotballdagen hadde Kjetil Osablod Grønvigh klart å seia til dei unge jentene at eg var kjendis, så då måtte eg både skriva autografar og spela gitar, seier Christoffer og ler.

Med «hjelp» av James Arthur

Den talentfulle songaren fortel at han stort sett har sete heime og spelt og sunge med venar, og at han har skrive mange låtar sjølv.

– Utfordringa mi er at eg ikkje er så flink til å gjera låtane heilt ferdige før eg får idear til ein ny.

– Men eg har vore i studio og spelt inn nokre låtar, utan at dei er klare for Spotify enno. Og så har eg lagt ut nokre coverlåtar på Instagram.

Det har vore av og på med musikken etter UKM i 2013, men i 2016 fekk han sjølvaste James Arthur som følgja. James Arthur vann britiske The X Factor i 2012. Debutlåten «Impossible» er spelt over 200 millionar gongar på Spotify, «Say You Won't Let Go» er spelt over 900 millionar gongar.

– Det gav meg tru på at eg bør halda frammed musikk, eg fekk ny inspirasjon av å få ein følgjar av dette kaliberet, seier Christoffer, som vi i kveld fekk sjå synga ei låt av nettopp James Arthur.

Inspirert av oldefar

Storvik er sjølvlært på gitar, og seier lysta på å spela og synga fekk han allereie i barndomen.

– Oldefaren min spelte og song mykje for meg. Han hadde gitar, piano og trekkspel, og det var alltid koseleg å vera hos han. Det gav meg lyst til å synga og spela sjølv.

– Kva skjer vidare med deg og musikken din utover hausten?

– Det blir kjekt å følgja med på Idol-sendingane, med oss osingane og dei andre deltakarane. Eg må eg vel sjå om eg får gjort fleire av låtane mine ferdige, og så blir det spennande å sjå om det blir nokre speleoppdrag av å vera på TV.

• Tidlegare i sommar fortalte vi at også Ada Keita (25) frå Os er blant årets deltakarar. Kanskje kjem ho på skjermen på fredag?

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.