Sport | 16. mars 2011

To av tre vidare

To av tre lag frå Os er vidare i vinterligaen. Nore Neset sikra seg plassen med braksiger og brasse av sjeldan sort.

To av tre vidare
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. mars 2011 21:27

Alle dei tre laga frå Os kommune som rykte opp frå 7. til 6. divisjon i fjor har deltatt i Tornado Bergen sin vinterliga. Innleiande rundar er over og Nore Neset sikra seg i går plass i sluttspelet.

Heimekampen mot Loddefjord enda med 6-1-siger til Nore Neset.

Loddefjord skåra det første, Remy Snilstveit utlikna på straffe før pause.

Per Olav Strønen skåra eitt, Remy Snilstveit to (inkludert eit på straffe) og Alexander Thuen toppa det heile med ekte hattrick og eit brassespark frå 16-17 meter som gjekk klin i vinkelen.

- Det var tøffare enn brassen til Wayne Rooney og det trur eg han forsto sjølv, for det er første gong eg har sett Thuen smila etter at han har skåra. Han plar vera stoneface, men i går måtte han glisa, fortel lagkamerat Paul-Kristian Haldorsen.

Eivind Vedholm var uheldig og braut foten i kampen.

Nore Neset sitt lag frå start (4-4-3): Erik Askvik, Knut Sigve Gjerstad (ny i år, kom fra Tysnes), Jørgen Nilsen, Espen Lie (ny i år, kom fra Os jr. elite), Christer Røen, Eivind Vedholm, Paul-Kristian Haldorsen, Per Olav Solberg Strønen, Alexander Thuen, Remy Snilstveit og Martin Eidsvik (gjestespelar).

Desse fekk også speletid i kampen: Aleksander Havsgård, Geir Andre Johnsen, Kristian Minde og Christoffer Søvik.

Nore Neset går vidare som beste eller nest beste toar i dei seks puljene, avhengig av korleis det går i nokre av dei siste kampane. Med det blir det kvartfinale førstkomande søndag.

Søfteland tapte alle sine kampar i puljespelet, men Lysekloster 2 har vunne tre og spelt ein uavgjort og er dermed også klar for kvartfinale.

Her finn du resultata frå puljespelet og kampoppsettet for sluttspelet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.