Sport | 12. sep. 2009

Avdelingsvinnar: Os

Det står fem kampar igjen, og med dagens resultat leiar Os med 18 poeng framfor Tertnes.

Avdelingsvinnar: Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 12. sep. 2009 16:47

Os slo Bjarg 2-0 og Tertnes tapte 1-4 for Nordhordland i dagens kampar i 17. serierunde.

- Bjarg forsvarte seg lenge godt, men blei etterkvart slitne. Vi kunne ha skåra fleire, men 2-0 var eit greit resultat i dag, meiner Frank Hellevik.

Ein retur landa hos Frode Buvik i 73. minutt, og han banka inn 1-0 på eit langskot. Tore Valvik auka til 2-0 på innlegg frå Ramo Racic i 80. minutt.

Desse starta for Os (4-3-3): Halvard Enes, Baste Jonassen, Einar Algrøy, Per S. Merai, Remi Osebakken, Tore Valvik, Frode Buvik, Stian Lunde, Christian Almeland, Torkel Hjertnes og Ramo Racic.

Byte: Dani A. Bergstø for Algrøy (42), Preben Borgen for Almeland (i pausen) og Mats Lepsøe for Jonassen (70).

- Både Einar og Baste blei skadd i kampen, men det er ikkje noko alvorleg, stadfestar Hellevik.

Få om nokon målmenn i norsk 3. divisjon har heldt buret like reint som Halvard Enes. På dei siste 8 kampane har han berre sloppe inn eitt mål.

Uansett resultat i dei siste fem rundane kjem Os til å spela kvalifiseringkampar om opprykk mot det som blir vinnaren av avdeling 14. Kvalifiseringkampane blir spelte 24. og 31. oktober.

Nett no leiar Austevoll med 38 poeng etter 17 kampar, framfor Brann 2 med 34 poeng på 15 kampar og Vadmyra med 32 poeng på 16 kampar.

SJÅ TABELL, avdeling 15 (Os si avdeling)

SJÅ TABELL, avdeling 14

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.