Rebecca Tveit har skåra i alle dei tre kampane ho har spelt for Os. I går blei det to. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Avgjorde igjen

Rebecca Tveit har skåra 5 av Os sine 6 mål i dei tre siste kampane. I går var Os tilbake på vinnarsporet.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Etter sju sigrar på rad, blant anna borte mot serieleiar Åsane 2, tapte Os heile 6-1 borte for utfordrar Bønes i førre runde.

– Vi mangla ingen spelarar borte mot Bønes, men spelte veldig svakt, seier trenar Rune Balland.

Men i går blei det full pott igjen og Os ligg framleis på opprykksplass tre poeng bak Åsane 2.

– Eg synest Rubbestadnes er eit betre lag enn Bønes, likevel er eg meir nøgd med resultatet enn med spelet vårt i går. Dårleg konsentrasjon og feile val gjer at vi slepp inn to unødvendige mål.

Os - Rubbestadnes 3-2 (2-1)
Målskårarar, Os: Rebecca Tveit 2 og Malin Moldskred
Os: Emilie Askvik Bøe, Amalie Lindborg Bøyum, Trine Austevoll Lund, Charlotte Balland, Sukanya Sarasiri, Mathilde Helland Lassen, Tonje Lindbom, Amalie Berge, Malin Martine Søvik Moldskred, Ingrid Stokke, Karoline Thorsvik, Betina Helland Torvund, Vy Mai Nguyen, Linda Johansen og Rebecca Tveit.

Rebecca Tveit, som kom til Os frå Fusa i sommar, skåra begge måla då Os vann borte mot Åsane 2.

I går sette ho inn 1-0 tre minutt etter avspark.

– Ho blei tredd gjennom av Amalie Berge, som også kom til oss frå Fusa. Det er tydeleg at dei to kjenner kvarandre godt, seier Balland.

Gjestane utlikna 7 minutt seinare, men eit kvarter ut i kampen fekk Malin Moldskred testa skotfoten sin. Tonje Lindbom tok eit raid på høgrekant, vendte om og sendte bak til Mathilde Lassen, som la inn til Malin.

2-1 sto seg til pause.

Avgjerande raid av Vy

I 74. minutt utlikna gjestane igjen, og det såg ut til å bli poengdeling på Kuventræ.

Men så kom Vy Nguyen på eit soloraid der ho passerte fem spelarar. Så la ho inn til Rebecca, som blei matchvinnar igjen.

– Vy har ein imponerande fart. Mathilde Lassen hadde også ein kjempekamp i går, og var nok banens beste, meiner Balland.

18 poeng igjen å kjempa for

Os har Bønes 6 poeng bak seg før Bønes har spelt 12. runde.

Seks kampar står igjen for Os, som berre har éin av dei på heimebane (søndag 20/9).

SJÅ TABELL

 

Fleire saker