Sport | 10. juni 2017

Avgjorde to minutt på overtid

Lysekloster stanga og stanga mot eit Spjelkavik som hadde parkert bussen i forsvar. To minutt på overtid kom den forløsande skåringa.

Avgjorde to minutt på overtid
Her headar Durim Muqkurtaj inn den avgjerande 1-0 skåringa (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 10. juni 2017 15:17

Bildeserie:

Thomas Helland ville ha straffe, men fekk det ikkje. Truleg rett av dommaren (foto: AH)
Thomas Helland ville ha straffe, men fekk det ikkje. Truleg rett av dommaren (foto: AH)
Østervold med ei litt for kort tå (foto: AH)
Østervold med ei litt for kort tå (foto: AH)
Føyen fyrar utanfor (foto: AH)
Føyen fyrar utanfor (foto: AH)
Østervold freista også med sittande skot, men det hjalp ikkje (foto: AH)
Østervold freista også med sittande skot, men det hjalp ikkje (foto: AH)
Spjelkavik framme på ein sjeldan corner. Midtun slå den vidare (foto: AH)
Spjelkavik framme på ein sjeldan corner. Midtun slå den vidare (foto: AH)
Lysekloster hadde fleire gode cornerar, men fekk ikkje ballen i mål (foto: AH)
Lysekloster hadde fleire gode cornerar, men fekk ikkje ballen i mål (foto: AH)
Østervold med eit krumspring i forsøk på å få ballen i mål, men det ville seg ikkje denne gangen heller (foto: AH)
Østervold med eit krumspring i forsøk på å få ballen i mål, men det ville seg ikkje denne gangen heller (foto: AH)
Etter 92 minutt kunne Lysekloster endeleg jubla for skåring (foto: AH)
Etter 92 minutt kunne Lysekloster endeleg jubla for skåring (foto: AH)
1 av 8

Serieleiar Lysekloster sleit med å komma seg gjennom eit særdeles defensivt Spjelkavik-forsvar. Førsteomgangen var prega av at Lysekloster freista å spele ball, medan gjestane låg og venta i noko som kunne sjå ut som ei 7-3-0 formasjon.

Vi noterte oss berre to sjanser i løpet av omgangen, ein til kvart av laga.

– Det er det som er utfordrande i kampar som dette. Plutseleg kan vi få ei kontring i mot, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Lysekloster - Spjelkavik 1-0 (0-0)
Målskårar: Durim Muqkurtaj
Lysekloster sitt lag: Chris Sunde Midtun, Durim Muqkurtaj, Ken-Joar Føyen (Tommy Gaustad, 72 min), Thorvald M. Trætteberg, Denis Ljubovic, Håkon Moldeklev, Martin Pedersen, Joakim Helland, Vladan Radojkic, Kristoffer Østervold, Thomas Helland (Hans-Christian Nysæther, 65 min)

Sjå tabellen

Vann coorner-statistikken

Andre omgangen held fram som den første med eit Lyseklosterlag som pressa og pressa, men som sleit med å trenga gjennom Spjelkavik-forsvaret. Dei ganger dei kom forbi enda det som oftest med corner. Lysekloster vann den statistikken 12-3.

I det 83. minutt fekk vertane tre på rad, som kvar for seg var så godt slått at dei burde ha endt i mål, men gjestane klarte å rydda opp på streken.

Kontring gav frispark og mål

To minutt på overtid var gjestane på ein sjelden visitt på Lysekloster sin banehalvleik. Vertane braut spelet og storma i angrep og fekk frispark på høgresida, omlag 20 meter frå mål.

Martin Pedersen slo eit perfekt frispark inn mot mål, kor midtstoppar Durim Muqkurtaj raga høgst og fekk stussa ballen forbi Spjelkavik-keeperen til den avgjerande 1-0 skåringa.

– Spjelkavik parkerte bussen i forsvar i dag. Det må vi nok berre bli vant til også mot andre lag, så det var mykje læring i dag.

– Det at vi avgjer så seint vitner om ein ekstrem lagmoral og kjenneteikner eit vinnarlag, meiner Hetlevik som innrømmer at dei måtte legga taktikken litt om utover i kampen.

– Ein må vera to for å danse tango. I dag var det berre eitt lag som ville spele fotball. Difor måtte vi freiste å få strekk på dei ved å komma rundt på kantene eller ved å chippe ballen i bakrommet. Balltempo blir avgjerande i slike kampar, samstundes så kan vi ikkje bli for offensive i tankegangen, for då får vi fort eit spark på ballen som endar i kontring og skåring i mot, slik som mot Herd og Aalesund.

– Det var ei deilig utløysing då målet endeleg kom, avsluttar Lyseklostertrenaren med eit smil. Grunn til å smila fekk han òg når han hørte resultatet frå Brattvåg, kor Varegg slo vertane 5-4.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.