Fotball | 17. feb. 2009

Avgjorde mot Arna-Bjørnar

Førsteårsjunior Sven Lyssand gjorde eit godt innhopp i treningskampen til A-laget måndag kveld. Onsdag er det kamp mot Fyllingen

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 17. feb. 2009 09:20

Os slo Arna-Bjørnar 2-1 (1-0) i ein treningskamp på Kuventræ måndag kveld.

Banen blei brøytt av bil sundag, men forholda var ikkje optimale. Fleire dammar gjorde nemleg at ballen ofte stoppa, spesielt lange pasningar langs bakken var vanskelege å slå.

- Det blei ikkje flyt over det, men kjekt at vi avgjorde med fire førsteårsjuniorar på banen, seier Frank Hellevik.

Arna-Bjørnar la seg bakpå, og å vera førande lag på ein slik bane blei tungt for Os.

- Det er viktig å sjå korleis spelarane taklar det at ting ikkje er så enkelt.

Heimelaget tok leiinga etter at eit skot av Stian Lunde kom i retur og hamna hos Ramo Racic. Ramo gav Os 1-0-leiing etter cirka 35 minutt spel.

I første halvdel av andre omgang fekk gjestane straffe, og Kjetil Hansen klarte ikkje å hindra utlikning.

Ein flott finte av Stian Lunde var nær på å gje kapteinen ein målgjevande, då han lobba vidare til Christer Olsen. Olsen tok i mot med eitt touch, vrei seg om og klinte ballen heilt opp under tverrliggaren. Men han sto dessverre ein halv meter i offside.

Det avgjerande målet var det innbytar Sven Lyssand som sto for.

Lyssand, som var gutespelar i fjor, tok med seg ein ball som såg ut til å enda i nevane til keeper, og sette inn kampens siste.

- Alt i alt var dette ein nyttig kamp. Dei siste ti dagane har det gått mykje i brøyting og sjukdom. Det var nok godt å spela fotball igjen for dei som var friske nok til kamp.

Onsdag (kl 17.30, ikkje 19.00 som vi skreiv sundag) er det ny treningskamp, då mot Fyllingen. Hellevik har tidlegare varsla at dette blir årets første reelle laguttak.

- Sidan ein del er vekke, anten på reise eller sjuk, blir det litt mindre kamp om plassane. Men generelt er det tett, og ikkje lett å ta ut lag seier Frank Hellevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.