- 08. apr. 2018

Avklaring om pris, reglar og betaling

Over helga kjem nytt skilt på plass på bubilparkeringa på Steinneset.

Avklaring om pris, reglar og betaling
Bubilparkeringa på Steinneset opna til påske og har vore populær frå start. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 08. apr. 2018 07:51

Bildeserie:

Også denne helga har besøket vore godt. (Foto: KVB)
Også denne helga har besøket vore godt. (Foto: KVB)
Bubil kan overnatta, men ikkje vogn eller telt. (Foto: KVB)
Bubil kan overnatta, men ikkje vogn eller telt. (Foto: KVB)
Tømestasjon er på plass på motsett side av hamna, ved Esso. (Foto: KVB)
Tømestasjon er på plass på motsett side av hamna, ved Esso. (Foto: KVB)
I motsett gavl på same bygg er betalingsautomat for båt og bubil. (Foto: KVB)

1 av 4

Til palmehelga opna den nye parkeringsplassen på Steinneset, der det er plass til 9 bubilar (eller 18 personbilar).

Plassen, som førebels ikkje har hatt betalingsløysing eller er skilta med informasjon om pris og vilkår, var full gjennom heile påsken.

Også no i helga har det vore godt besøk. Den første gjesten kom torsdag ettermiddag, frå fredag har det vore nesten fullt.

• Les òg: – Vi forstår at det er kamp om plassen

Tømestasjon og automat vest for Oselvo

– Gruppa som jobbar med dette har landa på at vi bruker betalingsautomaten som båtfolket bruker. Desse automatane kostar nokre hundre tusen å installera, og tømestasjonen er for bubilgjestane er allereie på plass ved Os kommune sitt pumpehus rett nord for Esso, fortel kommunalsjef Aina Tjosås.

På same bygg heng betalingsautomaten for båtfolket - og no; bubilgjestane.

– Prisen per døgn er den same (150 kroner), og vi jobbar i tillegg med å få på plass ein betalingsapp.

Camping forbode

Til veka vil det koma skilt på plass ved bubilparkeringa på Steinneset.

– Det har vore spørsmål om campingvogner, både før etableringa av parkeringsplassen og etter at ein osing har budd i campingvogn sidan opninga av plassen.

– Skilt med «Camping forbode» er allereie på plass. Det gjeld både telt og campingvogner, mens det er lov å parkera bubil og å overnatta i denne.

– Vi har hatt dialog med eigar av campingvogna heile vegen. Sjølv om vi ikkje krev betaling før skilt har kome opp så flytta han vogna no før helga.

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • For heile familien (6 pers)
  • Utan bindingstid
  • Berre 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.