Lokal | 10. juli 2018

Avlingane redusert med 20-30 prosent

Tørka byrjer å gje fôrkrise også for landbruket rundt Bjørnafjorden. Landbrukssjefen ber alle hauste bakkane sine, også dei som har lagt brakk.

Avlingane redusert med 20-30 prosent
Sjølv om bakkane ser grøne og fine ut, så er produksjonen 20-30 prosent lågare enn normalt (ill.foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 10. juli 2018 12:18

Den siste tida har det vore skreve mykje i media om fôrkrisa på austlandet grunna den ekstreme tørka som har vore i sommar.

– Det er tørke og krise i landbruket no som det er så inni granskauen tørt. Eg har i dag snakka med bondelagsleiarane i tre av dei fire kommunane Bjørnafjorden landbrukskontor dekkjer og dei fortel om ein reduksjon på mellom 20 og 30 prosent litt avhengig av kor dei bur og korleis jorda er der dei dyrker fôret, fortel landbrukssjef Øystein Svalheim.

La ikkje graset gå til spille

Svalheim fortel at einskilde bruk ikkje tek vare på graset, men berre beiteposser.

– Det vil seie at dei klypper graset, men berre lar det ligga. Slik situasjonen er no er det viktig at graset blir nytta i staden for å gå til spille. Eg oppmodar difor alle som har jordlappar av litt størrelse om å hauste graset eller som beiteområde, slik at det kan nyttast til fôr.

– Det gjeld også dei som har kjøpt seg ein landbrukseigedom dei gjerne nyttar til fritidsbustad. Sørg for å få hausta det som er på bakkane.

– Eg snakka akkurat med ein på Tysnes som ville gjera nettopp det. Bakkane hans har ikkje vore hausta på fleire år, men no skulle han ut og slå.

– Vi har ikkje full krise rundt Bjørnafjorden enno, men alle merkar det, slår landbrukssjefen fast.

Utfordrande med beiteområda

Leiar i Os bondelag, Olav Botnevik, er glad for initiativet frå landbrukssjefen.

– I Os ligg vi nok rundt 30 prosent og kanskje litt meir i reduksjon i fôrproduksjonen. Det har kanskje ikkje blitt så ille som vi frykta tidlegare i sommar, men det er jo ikkje noko regn i sikte heller, så det blir jo inga betring.

– Spesielt er det utfordringar med beiteområda. Dei er gjerne dei grunne og marginale områda, som ikkje lar seg hauste, men som dyra kan beite på. Desse får lite ettervekst slik det er no. Konsekvensen er at dyra kan vera kortere ute på beite og vi treng meir vinterfôr, som det jo samstundes blir mindre av grunna tørka.

– Kva er konsekvensane av lite fôr?

– Det betyr jo at det går utover både mjølke- og kjøtproduksjonen. Mindre tilgang på fôr gir mindre produksjon. I Os opplever eg ikkje at det er krisestemning blant bøndene no, men dei er uroa. Det finst lite fôr i marknaden og kan bli vanskeleg å få tak i, seier Botnevik.

Vil skaffe hjelp

Svalheim nemner eit anna døme på bruk som står tomme og som ikkje blir hausta.

– Vi har nokre dødbo rundt omkring som står utbrukt. Om arvingane les dette, så oppmodar eg dei om å ta tak, anten med å hauste eller å tilby det som beitemark.

– Ja, men kva om ein ikkje har kunnskapen eller utstyr til å dette. Kva gjer ein då?

– Då er det berre å ta kontakt med landbrukskontoret, så skal vi heilt sikkert finna nokon som kan nytta seg av marka. Vi skal alltid finna ei løysing på det.

– Det viktige no er at vi mobiliserer alle ledige flekkar, slik at konsekvensane blir minst mogleg, avsluttar landbrukssjef Øystein Svalheim, som samstundes oppmodar bønder og eigare av landbrukseigedommar om å nytta tenesten forformidling.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.