Kultur | 09. juni 2018

Avslører oppskrifta - etter 44 år

Einar Stølsbåtn veit kva som skal til for å få liv framfor scenen. I kveld speler det «taktiske» bandet hans i Os.

Avslører oppskrifta - etter 44 år
Einar Stølsbotn har halde liv i Salty Dog samanhengande i 44 år. I juni har bandet sju spelejobbar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 09. juni 2018 07:03

Bildeserie:

Magnar Lien, Tore Øvreeide og Einar Stølsbotn. (Foto: KVB)
Magnar Lien, Tore Øvreeide og Einar Stølsbotn. (Foto: KVB)
Salty Dog. (Pressebilde)
Salty Dog. (Pressebilde)
Dagens arena: Øvreeide Gard. (Foto: KVB)
Dagens arena: Øvreeide Gard. (Foto: KVB)
1 av 3
Magnar Lien, Tore Øvreeide og Einar Stølsbotn. (Foto: KVB)
Salty Dog. (Pressebilde)
Dagens arena: Øvreeide Gard. (Foto: KVB)

Det er ein del musikarar som har halde det gåande i ein mannsalder, eller som har samla gjengen igjen etter 5, 10 eller 20 års opphald. Einar Stølsbotn frå Nesttun har halde liv i legendariske Salty Dog samanhengande i 44 år.

– Det var travelt i april og mai. I juni har vi sju spelejobbar, seier frontfiguren.

Ein av dei er på årets sommarfest på Øvreeide Gard, der kapasiteten grunna godvêr no er auka med 100 plassar til.

Høgdepunkta

Salty Dog blei starta i 1968-1969, av ein kameratgjeng i 15-årsalderen frå Fana.

– Vi hadde gode forbilde, det var ei rekkje band med lokale musikarar som var godt i gang med å spela på dans helg etter helg.

Det var først og fremst det å reisa rundt og spela det heile handla om. Men Salty Dog fekk oppleva noko meir enn lokale ungdomshus.

– Vi låg på Norsktoppen med tre låtar midt på 80-talet, og då den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix kom til Bergen i 1986, etter Bobbysocks sin siger året før, var det vi som fekk spela på festen om kvelden etter finalen.

Salty Dog har varma opp for Smokie og Status Quo og turnert med The Monroes og Wenche Myhre.

Det einaste som var kjekt

Bandet slo seg opp på ei tid då dans var det store. Nordmenn hadde stort sett éin TV-kanal og éin radiokanal.

– Det tok tid før det kom pop- og rockemusikk på TV, det gjekk nesten berre i kunst, litt nyhende, finsk fjernsynsteater og nokon som spelte fiolin. Vi ungdomar hadde ingen tilbod, vi hadde ikkje telefon og det var ingen andre stadar enn på dans at det var mogleg å høyra god musikk på høgt volum, mimrar sommarfestarrangør Tore Øvreeide.

Midt i intervjuet kjem revymann og komikar Magnar «Maggen» Lien forbi. Han har òg sine minne frå dans.

– Det å koma seg til og frå var ein jobb i seg sjølv. Bror min gjekk faktisk heim frå Norheimsund ein gong. Han brukte heile søndagen på å koma seg heim, fortel Maggen og ler godt.

Lokka gutane til scenekanten

Sjølv om det var tett med gode, lokale scenar å spela på, og det var dans i ulike ungdomshus frå onsdag til laurdag i dei travlaste vekene, var det òg mange aktive band.

– Etter nokre år gjorde vi noko som ikkje dei gjorde, vi tok inn to kvinnelege vokalistar. Ei av dei som var med ein periode var Guri Nesse frå Os. Vi skilte oss ut, og det såg ut til å ha bra effekt, fortel Einar.

Øvreeide er ein av dei som hugsar denne forskjellen.

– Bortsett frå på dei tre siste (dei tre siste låtane, som alltid var rolege, der det var sjanse å kneka litt med jentene) sto gutane stort sett utanfor lokalet og drakk og røykte. Men med Salty Dog sine jenter, i trange silkebukser, blei det til at vi gutane òg heldt oss inne ved scenekanten.

Rask og lur

Sjølv om Salty Dog hadde fleire av sine eigne låtar inne på Norsktoppen, var dei rause med coverlåtane.

– Om du berre speler dine eigne låtar, så treff du også berre ein viss del av publikum. Vi ville treffa flest mogleg, derfor var vi også nøye med å spela variert utval av låtar.

Bandet prioriterte også å vera raske med å læra seg dei nyaste og mest populære låtane, nokre gongar var dei så tidleg ute at dei kunne spela musikken før den kom til Noreg. Dette var, med god margin, før internett og Spotify si tid.

– Ein periode dreiv vi å tippa kva låt som kom til å vinna Grand Prix, og så øvde vi denne inn. Vi bomma nokre gongar, men vi trefte skikkeleg to gongar.

Den eine gongen var på spelejobb i Haugesund.
– I det ABBA blei ropt opp som vinnar via radio, noko heile lokalet hadde fått med seg, drog vi i gang med vinnarlåta Waterloo, som vi på førehand hadde gambla på og øvd inn. Du kan trygt seia at det tok av!

«Eg skal ikkje heim»

Øvreeide Gard er nøgde med å ha fått det legendariske bandet på scenen under sommmarfesten, og har sett opp ein pakke med grillmat, konsert og buss til både Os, Halhjem og Søfteland frå Hegglandsdalen etter festen.

– Responsen var jo fantastisk då vi fortalde kven som skulle spela. Vi blei raskt nesten utselt, til godvêret kom og vi no opna for fleire gjestar, og fleire av dei første som kjøpte billett byrja å mimra, fortel Øvreeide.

– Ho eine såg berre dumt på meg då eg fortalde om buss heim igjen. «Eg har vore på dans med Salty Dog før, det plar ordna seg sånn at eg ikkje treng å reisa heim», fortel Tore og ler.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.