Lokal | 25. aug. 2015

Avslører store vyer i ny video

Os Fotball treng nytt klubbhus. – Dette er berre ein illustrasjon på det maksimale vi kan få ut av tomta, presiserer dagleg leiar Hans Parnefält.

Avslører store vyer i ny video
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 25. aug. 2015 09:27

Bildeserie:

– Dette er berre ei skisse over det maskimale vi kan få ut av tomta. (Os Turn)
– Dette er berre ei skisse over det maskimale vi kan få ut av tomta. (Os Turn)
1 av 1
– Dette er berre ei skisse over det maskimale vi kan få ut av tomta. (Os Turn)

I ein video publisert på osturn.no måndag kveld presenterer fotballgruppa Os-modellen, med fokus på mennesket, der dei viser filosofien og korleis Os Fotball jobbar.

Tre minutt ut i videoen får vi også sjå ein illustrasjon av ein stor og ny stadion på Kuventræ.

– Eg er mest opptatt av at diskusjonen skal gå på innhald i den rolla Os Turnforening og Os Fotball har, enn anlegg. Os Turn har rundt 1.350 medlemmar, 680 av desse er fotballspelarar. Kuventræ speler ei stor og sentral rolle når det kjem til oppvekst i vekstkommunen Os, seier fotballformann Knut Haddal.

Haddal hadde nyleg dette lesarinnlegget publisert på Midtsiden.

– Men det er klart at anlegg har mykje å seia, både for trivsel og rekruttering. No ser vi det yrar av liv på friidretten etter at Os Idrettspark blei klar for bruk, og så kjem ny dobbelthall til handball og andre innandørsidrettar.

– Samtidig treng fotballen både ny tribune, større klubbhus og fleire garderobar. Det 40 år gamle klubbhuset ligg heller ikkje så sentralt lenger, etter at grasbanen på 2000-talet blei supplert med to kunstgrasbanar.

Har vedtatt å bygga nytt

Dagleg leiar i Os Turnforening, Hans Parnefält, seier planen først var å bygga eit tilleggshus til dagens klubbhus, med to garderobar, to dommargarderobar og ei varmstove. Bygget skulle plasserast der det i dag er parkeringsplass og ballbinge.

– Vi har vedtatt i hovudstyret at vi skal bygga nybygg på 200 kvadratmeter. Då det blei makebyte med Os kommune, der vi fekk tomta som nedre bane ligg på, og dei overtok eigarskap til tomta som Os Idrettspark no er bygd, ville vi venta med klubbhuset til alt sto ferdig.

– No er det klart kvar tomtegrensene går og korleis vi kan plassera oss.

Kan bli større

– Då eg kom til Os Turn i 2012 fann eg mange interessante teikningar, heilt tilbake til 1987. Ein av dei var Os Idrettspark, som no er realisert, men det var også spennande skisser over ulike stadion-løysingar, nokre med kombinert bruk og ulike lokaler for utleige.

Parnefält har vakse opp som Malmø-supportar, arrangert Cyprus Cup i 10 år og sett mange små og store anlegg. Den siste tida har han vore fascinert av Fosshaugane i Sogndal.

– Dagens klubbhus med garderobar er på 500 kvadratmeter. Skissa over er det maskimale vi kan få ut av tomta, då har vi på eine kortsida åleine 700 kvadratmeter på planet og tre etasjar.

– Vi treng 68 meter bredde også på det som i dag blir brukt som hovudbane, den er i dag 64 meter. Tribune, helst med tak, og nytt klubbhus med fleire kontor og fleire garderobar, er det også behov for. Per i dag kunne vi fint fylt 1,5 etasje sjølv.

Det skal no setjast ned ein anleggskomité til å sjå nærmare på ulike løysingar.

– Kor fjern er denne draumen?

– Noko skal byggast og med god planleging kan det byggast trinnvis. Eg forstår at skissene over kan sjå ruvande ut, men viss vi planlegg for framtida så er det lettare å veksa på ein fornuftig måte, seier Parnefält.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.