Lokal | 08. juni 2018

Avslørt av sin eigen eim

Politiet kom på besøk i eit anna ærend, men snuste seg fort fram til eit oppdrag til.

Avslørt av sin eigen eim
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 08. juni 2018 07:54

Torsdag i 19-tida oppsøkte politiet ei adresse i Os.

– Vi kom i eit anna ærend, men då det lukta hasj av han som opna døra fekk patruljen meir å undersøka, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Ransaking førte til funn av marihuana.

– Vedkomande, ein mann i 30-åra, er meldt for bruk og besittelse av narkotika.

– Det er mindre mengder det er snakk om, så saka blir truleg avgjort med forelegg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.