midtsiden

Avslutning med miljøfokus

I haust fylte «Vern om min jord» Grieghallen - no er det klart at prosjektet skal runda av opningsfesten i Oseana.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Oseana har status som forbildeprosjekt hos Enova, noko prosjektet også har fått økonomisk støtte for.

No blir miljøfokuset supplert musikalsk; avslutningskonserten under opningsfestivalen blir «Vern om min jord».

- Søndag 26. juni skal Oseana fyllast med med unge og vaksne som syng barnas miljøvernsong, seier Kari Fjeldstad.

- I tillegg vil vi ha kunstutstilling med teikningar som ungar i Os har laga til dette temaet, seier Kari Fjeldstad.

Barnas miljøsong
«Vern om min jord» er komponert av Tore Thorsen, Fjeldstad sin sambuar. Låta blei lansert som eit eige miljøprosjekt for ungar, i Grieghallen i november.

- «Vern om min jord» starta med ein song. No er det verdslansering av det vi håper kan bli ei stor og viktig rørsle innan miljøarbeid, sa Fjeldstad til Midtsiden.no før konserten.

Harmonien, Helge Jordal og Thor Brekkeflat var blant dei som stilte på dugnad for prosjektet, som hadde 400-500 gjestar og sørgja for rundt 60.000 kroner i inntekter til SOS Barnebyer.

HØYR SONGEN HER (to versjonar)

- Det blei ei stor oppleving, med ståande applaus og mange flotte tilbakemeldingar.

Vil nå barnehagane i Os
Kjente artistar stilte på dugnad, men stjernene under lanseringa var ungane sjølv, 120 ungar frå ein barnehage i Olsvik sto for framføringa av «Vern om min jord».

- No vil eg i dialog med barnehagane og skulane i Os, og få ungane til å læra seg songen. Vi vil også ut til kora i Os, både ungane og dei vaksne

Her finn du teksten

Kor mange det blir plass til på scenen i Oseana, og korleis dei vil velja ut kven som får vera med, er ho førebels ikkje sikker på.

- Uansett jobbar vi for at «Vern om min jord» ikkje berre blir ein konsert, men ein song og ein bodskap som når ungane i Os, og dei vaksne, via ungane.

Fjeldstad seier ho snart vil halda eit informasjonsmøte om «Vern om min jord» og avslutningskonserten. Barnehagar, kor og andre som i mellomtida har spørsmål kan retta desse til post@vernomminjord.no.

Bodskapen kjem også fram i eigne puter Kari syr sjølv. Inntektene frå salet er del av prosjektet.

- Dei er gode symbol på å halda om noko du er glad i, på å verna om jorda, seier Kari.

Odyssé til Oseana
Avslutningskonserten blir halden sundag 26. juni, frå klokka 14 til 16.

Som del av konserten kjem musikaren og komponisten Thorsen også med ein eigen odyssé med tittelen «Oseana».

- «Oseana» startar med éin tone og tar oss vidare gjennom mange sjangrar, frå klassisk til tungrock. Det er ein spennande odyssé som eg gler meg til å høyra i huset den høyrer heime i, seier Kari Fjeldstad.

Fleire saker