Sport | 22. mars 2014

Avslutta med 15 mål

Line Hjelle Berentsen putta 15 ballar bak Åsanekeeperen i sesongens siste kamp.

Avslutta med 15 mål
Line Hjelle Berentsen blei toppskårar med 15 mål (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelaurdag 22. mars 2014 12:58

Os hadde små problem med å banke allereie nedrykksklare Åsane i laurdagens siste seriekamp i Haukelandshallen.

Etter ein litt trå start kor laga følgde kvarandre dei første 20 minutta sa Os takk for følget og gjekk til pause med seksmåls leiing 15-9.

– Då spelar vi god handball og får opp aggressiviteten, konkluderar trenar Torbjørn Bøthun.

Leia med 11

Andre omgangen fortset der første omgangen slapp. Handballdamene til Os set eit kontant forsvar foran ei god Vibeke Ingebrigtsen i mål. Etter 7 og eit halvt minutt er leiinga oppe i 11 mål. Då verker det som om jentene er nøgde og dei lar Åsane få komme innatt i kampen.

– Vi gjorde det vi måtte for å vinna kampen, men vi slepp oss for mykje nedpå utover i omgangen.

– Oppsummert kan vi vel seie at vi spelar ein veldig ujamn kamp.

– I den gode perioda er vi gode, anført av ei særs god Line Hjelle Berentsen som skårar 15 i dag, avsluttar Bøthun.

Åsane - Os 24-30 (9-15)
Os sine målskårarar: Irene Tangerås 1, Madeleine Hjertnes 1, Emilie Hjertnes Halhjem 2, Maria Stangeland Lunde 8, Line Hjelle Berentsen 15, Elise Hjelle 2, Malin Lunde Fosen 1.

Os endar serien på 6. plass med 25 poeng.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.