Sport | 22. sep. 2014

Avslutta med sølv og bronse

Arne Hadler-Olsen tok ein sterk bronsemedalje i singelsculler i sitt siste NM som junior. Saman med Mattias Nikolai Haugland fekk han sølv i dobbel.

Avslutta med sølv og bronse
Arne Hadler-Olsen (t.h.) avslutta sin siste juniorsesong med ny pers og bronse i singelsculler. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 22. sep. 2014 09:28

I helga var det NM i roing på riksanlegget på Årungen.

Dette var avslutninga på sesongen for Os-roarane, Arne Hadler-Olsen og Mattias Nikolai Haugland, som er senior neste år.

Årsbeste av Arne

Mattias var sjuk i forkant, og tok seg ikkje tilA-finale i singel, der det var rekordstor deltaking.

Men Arne persa då han rodde inn på 7.20 på 2000 meter og sikra seg bronse bak to roarar frå Tønsberg.

– Dette var årsbeste av Arne, som har utvikla teknikken godt i sommar og tatt innpå dei to konkurrentane som stakk av med gull og sølv, seier pappa og trenar Audun Hadler-Olsen.

I dobbel blei det ikkje like hard konkurranse, men dei to frå Tønsberg stakk av med gullet mens Arne og Mattias sikra seg NM-sølv saman.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.