Avslutta med stil
Vann 8-2 i siste heimekamp. Men siste borte blir også viktig for Lysekloster.


I førre runda sikra Lysekloster opprykk, på bortebane mot Søfteland. Måndag spelte dei sesongens siste heimekamp.
- Vi var opptatt av å spela ein god kamp sjølv om opprykk er i boks, og det gjorde vi. Gutane styrte kampen frå start til slutt og burde vunne med endå fleire mål, seier trenar Ørjan Sandal.
- Det var mykje publikum og veldig bra stemning. Og så var det jo ekstra kjekt med mange mål og heile sju målskårarar, legg han til.
Lysekloster - Smørås 3: 8-2 (5-0)
Målskårarar, Lysekloster: Thomas Greipsland (2), Benjamin Olsen, Joakim Hovden, Morten Buvik, Svein Espen Olsen, Anders Råheim, Lars Sperrevik.
Laget som starta (4-3-3): Hans Brunvatne, Frode Wold, Rune Lindgren, Benjamin Holme, Ottar Grønvold, Morten Buvik, Jaran Moberg, Lars Sperrevik, Benjamin Olsen, Svein Erik Gabrielsen og Thomas Greipsland.
Innbytarar (alle fekk spela): Harald Haugland, Thomas Sandal, Joakim Hovden, Svein Espen Olsen, Anders Råheim, Thomas Jensen og Daniel Fosse.
I siste serierunde spelar Lysekloster på bortebane - mot Nore Neset, sundag 11. oktober klokka 18.00.
- Dette blir ein kamp om ære, så her blir nok ingenting gjeve ved døra, seier Sandal.
Nore Neset er det einaste laget som har slått Lysekloster i år. Bak Njardar/Tysnes på 2. plass ligg Søfteland og Nore Neset, likt i poeng, før siste runde.
Nore Neset spelte 2-2 med Njardar i førre runde, Søfteland spelte 2-2 mot Gneist 3.
SJÅ TABELL