Avslutta med uavgjort
Tertnes skåra det første målet på Kuventræ i dag, men Os kom sterkt tilbake. (Oppdatert)


Tertnes tok leiinga 1-0 i serieavsluttinga i avdeling 15 i dag. Seinare i 1. omgang utlikna Os ved Torkel Hjertnes.
I andre omgang pressa heimelaget på, og skapte fleire store sjansar. Men verken frispark eller corner på overtid blei godt nok til full pott i siste runde, kampen enda 1-1.
- Eg er nøgd med gjennomkjøringa, seier Frank Hellevik, som ikkje har hatt noko å kjempa for på fleire veker.
- Dei hadde eitt skot på mål, og det skåra dei på. Vi pepra buret deira i andre omgang, dessverre utan å få utteljing. Men Tertnes kjempa med nebb og klør for å ta poeng og berga 2. plassen, og det klarte dei.
Bør skjerpa seg
Tertnes-trenar Jan Eivind Brudvik meiner Os var gode, men at dei bør ta seg saman til kampane om opprykk.
- Dei bør nok heva seg nokre hakk frå dette, for Austevoll er gode, seier han til Midtsiden.no.
Os stilte med desse frå start: Anders Strønen, Anders Glesnes, Einar Algrøy, Per Søgnen Merai, Christian Almeland, Stian Lunde, Tore Valvik, Torkel Hjertnes, Erik Kanestrøm, Tim Henrik Sperrevik og Sven Lyssand.
Dette var både Erik Kanestrøm og Sven Lyssand sin debut frå start.
Dagens Dolly Dimples-spelar: Tore Valvik.
SJÅ TABELL
Os enda med 19 sigrar, 2 uavgjorte, 1 tap og 59 av 66 moglege poeng på 22 kampar.
Målforskjellen er på 64-12.
Austevoll vann
Austevoll tok ein suveren siger over Arna-Bjørnar i avdeling 14.
Det betyr at det no er bestemt at det blir bortekamp mot Austevoll 24. oktober, og heimekamp 31. oktober, i Os sin kamp om opprykk til 2. divisjon.
Sundag spelar Os 2 om opprykk til 3. divisjon. Også den kampen går på heimebane.