Kultur | 12. okt. 2009

Babe Rawlins vann

Babe Rawlins vann avstemminga og skal spela "Beyond The Glass" for det som truleg blir rundt 1,3 millionar TV-sjåarar.

Babe Rawlins vann
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 12. okt. 2009 15:13

Babe Rawlins vann P3-avstemminga, låta "Beyond The Glass" skal prega årets TV-aksjon på NRK.

- Dette var veldig kjekt! Vi vann med knapp margin framfor "Would you be Mind" av Proviant Auio, fortel fusingen Ole Gunnar Eikeland frå Babe Rawlins.

Dei to faste fusingane i bandet blir ikkje dei einaste frå nabokommunen som får stå på scenen under TV-aksjonen.

- Vi skal auka storleiken på bandet denne helga, med pianist og tre korjenter, to av dei frå Fusa, seier Eikeland.

Babe Rawlins var eit av 162 band som lagde låt som passa temaet for auksjon. Så blei dei eit av fem nominerte band, og i dag blei det klart at "Beyond The Glass" blir årets TV-aksjon-låt.

- I tillegg til sjølve TV-aksjonen skal vi spela på eit P3-arrangement på Youngstorget laurdagen.

HER KAN DU HØYRA LÅTA

Årets TV-aksjon går til Care og deira arbeid for å hjelpa vanskelegstilte kvinner rundt i verda. Sjølve TV-aksjonen er sundag 18. oktober. Les meir om aksjonen her.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.