Lokal | 16. nov. 2020

Baby har fått påvist covid-19

Oppdatert: Sju nye smittetilfelle måndag.

Baby har fått påvist covid-19
I førre veke blei det tatt rekordmange testar. Fredag til måndag kom det inn til saman 18 positive svar. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 16. nov. 2020 17:52

Måndag formiddag fortalte Bjørnafjorden kommune om fem smittetilfelle søndag.

I ettermiddag er det klart at nye sju innbyggarar i Bjørnafjorden kommune har fått påvist covid-19 i dag, blant desse er ein tre månadar gamal baby.

– Det er klart det kjennest spesielt når ein liten baby testar positivt for covid-19, og ein skal uansett alltid følge ekstra med når så små får ein infeksjon, seier assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale i ei pressemelding.

– Den vesle jenta har hatt lette symptom, med feber og litt tette luftvegar. Men no er ho feberfri og i ferd med å bli i betre form.

Dei andre fire smitta er i 30- til 50-årsalderen. 4 av 5 er smitta av nærkontaktar i Bjørnafjorden kommune, den femte har ukjent smitteveg.

  • Jente på 3 månader
  • Kvinne i 40-åra
  • Kvinne i 50-åra
  • Mann i 30-åra. Smittesporing pågår
  • Mann i 50-åra

Tysdag formiddag har kommunen oppdatert med yttarlegare to smitta frå måndag:

  • Kvinne i 30-åra. Ukjend smitteveg. Nærkontaktar er varsla.
  • Kvinne i 20-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden kommune. Nærkontaktar er varsla.

Datoane* for dei smitta i Bjørnafjorden til no

* dato for offentleggjering via kommunen. Vedkomande kan ha fått konstatert smitte éin eller fleire dagar før.

14 smitta i vår:
11. mars: Mann i 50-åra, smitta etter utanlandsreise.
14. mars: Mann i 50-åra og mann i 30-åra, ein av dei etter utanlandsreise.
20. mars: Kvinne i 20-åra, den første smitta på Fusa-sida av kommunen.
21. mars: Mann og kvinne i 40-åra.
23. mars: Fire nye smittetilfelle. Alle er i nær relasjon til ein annan smitta. Kjønn og alder er ikkje opplyst om.
4. april: Kvinne i 30-åra. Første konstaterte smitta på 12 dagar.
7. og 8. april: Smittetilfelle nummer 13 og 14, ein mann i 20-åra og ei ti år gamal jente.
14. april: Ektepar i 70-åra.

Til no 61 smitta i haust:
10. august: To i 20-åra etter utanlandstur.
(14. august: Soldat smitta i Ulven leir)
17. august: Mann i 20-åra smitta etter lengre opphald i utlandet.
21. august: Kvinne i 20-åra smitta innanlands, men i ein annan kommune.
26. august: Kvinne i 20-åra. Ho har vore i nærkontakt med kvinna som blei konstatert smitta 21. august, og er med andre ord den første i haust som er smitta internt i Bjørnafjorden kommune.
5. september: Ein mann i 20-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for covid-19. Smittevegen er kjent.
7. september: Mann i 30-åra.
11. september: 12 år gamal elev ved Os barneskule er smitta etter kontakt med ein smitta frå ein annan kommune.
13. september: Kvinne i 20-åra, smitta av nærkontakt frå ein annan kommune.
14. september: Kvinne i 20-åra, smitta av nærkontakt frå ein annan kommune.
16. september: To kvinner i 20-åra, smitta i Bergen.
17. september: Mann i 20-åra, smitta i Bergen, same stad som tre andre i 20-åra, meldt 13. og 16. september.
14. oktober: Mann i 20-åra.
14. oktober: Kvinne i 20-åra smitta i Bergen.
16. oktober: Mann i 40-åra, smitta ved arbeidsstad i utlandet.
16. oktober: Mann i 20-åra, smitta i Bergen.
16. oktober: Kvinne i 20-åra, smitta i Oslo. Kvinna er folkeregistrert i Oslo, men har vore på besøk i Bjørnafjorden.
17. oktober: Mann i 40-åra. Smitteveg foreløpig ukjent.
22. oktober: Kvinne i 20-åra, frå Os-sida av kommunen, smitta ved arbeidsplass i Bergen.
25. oktober: Kvinne i 40-åra. Ukjent smitteveg.
28. oktober: Sambuarpar i 20-åra, smitta i Bergen.
29. oktober: Kvinne i 30-åra, smitta i Bergen, utan nærkontaktar i Bjørnafjorden.
29. oktober: Lærar ved Søfteland barneskule. 30 elevar hamna i karantene.
31. oktober: Kvinne i 30-åra, smitta i Bergen.
31. oktober: Tilsett ved Lurane. 5 kollegaer og 10 bebuarar i karantene, ingen av dei med symptom.
1. november: Mann i 30-åra, smitta i Bergen.
1. november: Kvinne i 60-åra, smitta i Bergen.
2. november: Mann i 30-åra, smitta av familiemedlem.
2. november: Kvinne i 40-åra, ukjent smitteveg.
3. november: Mann i 50-åra, smitta av nærkontakt han var i karantene med.
(6. november: Kvinne i 50-åra, smitta i utlandet, var i karantene i Bjørnafjorden)
6. november: Jente i tenåra, smitta i ein annan kommune
8. november: Tre menn i 20-åra, ikkje relatert til kvarandre, smitta i ein annan kommune
9. november: Tilsett ved Luranetunet. 16 bebuarar og 7 tilsette i karantene.
9. november: Jente i tenåra. Heile 8. trinn ved Os ungdomsskule og fleire ved Ung Arena i karantene
(11. november: Elev ved Os vgs som bur i ein annan kommune og testa seg der.)
12. november: Kvinne i 20-åra smitta i Bergen.
12. november: Kvinne i 30 åra og to menn i 30-åra, kjent smitteveg.
13. november: Gut i 3. trinn på Os barneskule.
13. november: Kvinne i 30-åra. Kjend smitteveg.
13. november: Mann i 30-åra. Kjend smitteveg.
13. november: Mann i 50-åra. Kjend smitteveg.
13. november: Kvinne i 40-åra. Kjend smitteveg.
13. november: Jente i tenåra. Kjend smitteveg.
13. november: Jente i tenåra. Kjend smitteveg.
(14. november: Elev på 10. trinn ved Nore Neset ungdomsskule, testa i ein annan kommune)
15. november: Mann i 60-åra. Nærkontakt til bekrefta smitta i Bergen.
15. november: Mann i 40-åra. Nærkontakt til bekrefta smitta i Bjørnafjorden.
15. november: Kvinne i 50-åra. Nærkontakt til bekrefta smitta i Bjørnafjorden.
15. november: Kvinne i 50-åra. Nærkontakt til bekrefta smitta i Bergen.
15. november: Kvinne i 40-åra. Uavklart smitteveg.
16. november: Jente på 3 månader. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
16. november: Kvinne i 40-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
16. november: Kvinne i 50-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
16. november: Mann i 30-åra. Smittesporing pågår
16. november: Mann i 50-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
16. november: Kvinne i 30-åra. Ukjend smitteveg.
16. november: Kvinne i 20-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.