Kultur | 25. apr. 2014

Både latter og ettertanke

Måndag er det tid for vårens siste Seniortreff i Oseana. Dei to tidlegare treffa har vore svært populære.

Både latter og ettertanke
Måndag er det venta mange eldre til Oseana og Seniortreff. Innfelt: Hans Marius Andersen og Stein Husebø (pressebileter)
Kari M. Lyssandfredag 25. apr. 2014 06:50

Treffa består av ein foredragsdel samt ein konsertdel og innhaldet er ulikt frå gong til gong.

Både humor og alvor

Måndag 28. april kjem overlege og leiar av Verdighetsenteret, Stein Husebø, til Oseana og vil halda foredraget "Verdighet, mestring og muligheter". Der kjem han inn på mange spørsmål som "Kva er verdigheit?" og "korleis kan vi lukkast i livet vårt?"

- Husebø er ein anerkjent og ettertrakta forelesar og skribent og er kjent for sitt engasjement for ein verdig aldersom, fortel Astrid Heggland i Oseana.

- Han er kjent for foredrag med alvor og humor som skaper både latter og ettertanke.

Ungt talent

Etter ein pause med kaffi og kaker er det tid for konsertdelen, og denne gang er det med den internasjonale unge trompetisten og komponisten Hans Marius Andersen, som er like heime innan både jazz og klassisk musikk.

Sjølv om han ikkje er meir enn 19 år har Hans Marius allereie spelt saman med kjente artistar som Sissel Kyrkjebø, Øyvind "Elg" Elgenes, Mike Gallaher og Bergen Filhamoniske Orkester. Med seg til Oseana har Hans Marius seks andre musikarar.

- Seniortreffa har vore veldig populære og allereie no er mange billettar selt av vårens siste treff, så ikkje vent for lenge med å kjøpa billettar, oppfordrar Heggland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.