Bagasjelokkpassasjer sett i arresten
Han sat først på bagasjelokket på køyrande bil, så ville han ikkje følgja politiet sitt pålegg. Då enda turen i arresten i Bergen.
Natt til laurdag observerte patruljen frå Os lensmannskontor ein bil på brua over Oselva, kor to passasjerar sat på bagasjelokket medan bilen var i fart.
Då bilførar og passasjerene skjønte at dei var oppdaga hoppa passasjerane av og la på sprang, medan bilen køyrde frå staden.
– Ein av passasjerane blei innhenta og stoppa.
– Han fekk pålegg om å forlata Os sentrum umiddelbart.
– Gjorde han det?
– Nei, absolutt ikkje.
– Han fann i staden ut at han ville fortsetta festen på ein av utestadene og var på veg inn der då patrulja oppdaga han igjen omlag ein halvtime seinare.
– Dermed bar det inn i politibilen og turen gjekk i staden til arresten i Bergen, fortel vakthavande betjent ved Os lensmannskontor.
Bagasjelokkpassasjeren vil bli anmeldt for ikkje å etterkomma politiet sitt pålegg.
– Kva vil straffereaksjonen bli?
– Det vanlege er at han får eit forelegg.
– Kor stort det blir veit eg ikkje, men det er nok snakk om fleire tusen kroner, så det blei ein dyr tur på han.
Born leikte i vegen
Tidlegare på kvelden fekk patrulja melding om born som leikte i vegen ved Hegglandsdalen barnehage.
– Patrulja tok ein tur og prata med dei.
– Det viste seg at dei var på veg heim, så det blei ikkje gjort noko meir ut av det.
Patrulja har òg kontrollert fleire bilar i løpet av natta, utan at det har vore grunn til å reagera ytterlegare.