Næringsliv | 13. okt. 2011

Bak same disk igjen

Stenging av 33 år gamal butikk, seglas til Karibien, stygt arbeidsuhell, og i dag: Nyopning!

Bak same disk igjen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 13. okt. 2011 11:53

I juli kom Dina og Tore Nordahl-Pedersen tilbake etter eit drygt år på seglas frå Noreg via ulike europeiske land til Karibien og heim igjen. Før dei reiste la dei ned den 33 år gamle verksemda på Oshjørnet, Os Glasservice.

Men planen var at Dina skulle opna opp igjen butikk i Os sentrum, og det gjorde ho klokka 12 i dag.

Butikken har fått namnet Rammebutikken. Med seg har Dina tidlegare kollega gjennom mange år, Bjørg Rasmussen.

«Kvar skal vi gå?»

Rundt årsskiftet 2009-2010 var det slutt for Os Glasservice.

– «Kvar skal vi gå no?» spurte kundane. No håper vi nokon av dei kjem tilbake, seier Dina.

– Det gjer dei nok. Eg har jobba hos Tvedt i Os sentrum medan Dina har vore vekke og har nesten kvar dag fått høyra at folk saknar butikken.

Rammebutikken har lokale der fotobutikken til Kolaas var fram til han la ned i vår.

Dramatisk oppussing

Dina og Tore fekk eit eventyr av ei reise med seglbåten. Vel heime fekk dei ei anna form for eventyr under oppussinga av butikklokalet.

Fredag 16. september kappa Tore av seg armen med ei sag. Han blei flydd til Haukeland ogvidare til Oslo og fekk sydd armen på igjen.

– Då han vakna frå narkosen trudde han at han berre hadde drøymt. Men sånn var det ikkje, seier Dina.

Disken han jobba med då ulkka skjedde blei fiksa av sonen Ronny. Diverse anna arbeid ventar på Tore når han er frisk i armen igjen.

– Det var meininga å sandblåse nedste del av fasadevindauga, men det får venta. No får Tore ta det med ro til han er bra.

Mange kunstnarar i Os

Dina fortel at sjølv om glasmeistertenestene utgjorde størstedel av omsetnaden i Os Glasservice så var rammebutikken på Oshjørnet også god butikk.

– Få vi same kundekrins som før så er det jobb til både meg og Bjørg.

Og det er ikkje berre dei som har eit stort fotografi som er på jakt etter fine rammer.

– Mange av kundane våre er folk som lager ting sjølv, frå hobbybasis til flinke kunstnarar, broderi og maleri.

– Og desse er det mange av i Os, i tillegg kjem det nok som tidlegare ein del kundar frå Fusa, Tysnes, Samnanger og Bergen. Det finnest ikkje så mange av denne typen butikkar igjen, seier Dina og Bjørg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.