Baksmell mot Bjørnar
Etter tre strake sigrar gjekk Os i dag på 18-målstap for eit toppa Bjørnar 2.


Handballdamene til Os starta sesongen bra, med siger i alle dei tre første kampane. Desse var på bortebane, det var også laurdagens kamp, mot eit styrka Bjørnar 2.
- Bjørnar sitt andrelag består blant anna av ein del tidlegare eliteseriespelarar. I dag hadde dei dessutan med seg nyerverva keeper til A-laget, som sidan ho ikkje har spelt for førstelaget enno, var klar for spel i 2. divisjon, fortel Kenneth Husebø.
Os-trenaren trur laget hans hadde leia til pause om ikkje det var for den gode eks. Fyllingen-målvakta.
- Ho redda skot som elles plar hamna i nota i divisjonen vår, seier Kenneth, som elles er nøgd med Os-spelarane sin innsats i første omgang.
Os låg under 11-6 til pause. Kampen enda med 32-14-tap.
- I andre omgang prøvde vi å halda fram med like god struktur. Dette lukkast vi ikkje med, og etter 5-6 dårlege minutt blei det ein del frustrasjon og leiinga til heimelaget blei umogleg å ta igjen.
- De har eit samarbeid med Bjørnar på aldersbestemt nivå. Korleis var det å møta eit så sterkt andrelag frå samarbeidsklubben?
- Andrelaga er generelt vanskelege å ha i avdelinga, som for to år sidan, då tap for andrelag hindra oss i opprykk. Dagens Bjørnar 2 var nok det sterkaste dei kjem til å stilla med denne sesongen, så det var litt trist, seier Husebø.
Nøgd er han likevel med å sitja igjen med tre sigrar av fire moglege etter å ha starta sesongen med fire bortekampar. Sundag 18. oktober er årets første heimekamp, mot Fana kl 13.30.
- Det skal bli godt å spela i Oshallen igjen, seier Kenneth.
Dagens målskårarar: Hilde Kristine Røttingen (5), Madeleine Hjertnes (3), Ingvill Hefte (2) Elise Hjelle (2, 1 av dei på straffe), Mona Stigen (1) og Maria Stangeland (1).