Sport | 08. juni 2017

Ball-leik med landslagsprofil

Førskulebarna i Espira Kuventræ fekk ei kjekk økt med handball då landslagsprofil og Tertnes-spelar Kjersti Boge Solås vitja Oshallen.

Kjerstin Boge Solås var ein populær trenar hos førskulebarna på Kuventræ (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 08. juni 2017 11:00

Bildeserie:

Den traff (foto: AH)
Lydhøyre ungar då Josefine Lien forklarte oppgåva (foto: AH)
Full innsats når ballen skulle treffa kjegler på motsett banehalvdel (foto: AH)
"Kor ´e ballen?" (foto: AH)
Kven får kjeglene fortast ned frå benken? (foto: AH)
Den traff (foto: AH)
Lydhøyre ungar då Josefine Lien forklarte oppgåva (foto: AH)
1 av 5
Lydhøyre ungar då Josefine Lien forklarte oppgåva (foto: AH)
Full innsats når ballen skulle treffa kjegler på motsett banehalvdel (foto: AH)
"Kor ´e ballen?" (foto: AH)
Kven får kjeglene fortast ned frå benken? (foto: AH)
Den traff (foto: AH)

Noregs Handballforbund Region Vest har denne våren, i samarbeid med Tertnes Håndball Elite, invitert førskulebarn i nærleiken av handballklubbar med etablert tilbod til seksåringar til aktivitetsdag.

Torsdag hadde spelarutviklar Ulrik Risberg med seg Tertnes- og landslagsspelar Kjerstin Boge Solås, som tok EM-gull med handballjentene i vinter, og nysignert keeper i Tertnes Josefine Lien, til ei økt med førskulebarna i Espira Kuventræ barnehage.

– Det er omlag 25 ungar her i dag. Det skulle vore nokre fleire frå andre barnehagar, men sjukdom og førskuledagar gjorde at dei måtte melde forfall, fortel Risberg.

Fjerde klubben med besøk

Os Håndball er den fjerde klubben som får vitjing av Tertnes-spelarar og regionen.

– Vi har hatt tre i Bergen tidlegare, er på Os i dag, og skal ha ei samling til på måndag.

– Tanken bak er å hjelpa klubbar som har eit tilbod til seksåringar med rekrutteringa. I tillegg er det kjekt å gje borna ein dag med fysisk aktivitet og litt ball-leik. Håpet er jo at nokre av dei som er her i dag får lyst til å starta opp med håndball etter ferien, seier Risberg.

For både jenter og guter

Brit Tungeland i Os håndball fortel at klubben tek sikte på å starta grupper både på Kuventræ og Os barneskule til hausten.

– Vi tek sikte på å starta opp i veke 42, rett etter haustferie. Planen er å få til ei trening i veka rett etter skuleslutt, slik at elevane kan gå rett frå SFO til trening. Håpet er å få til ei trening i Oshallen for elevane frå Kuventræ og ei i gymsalen på Os barneskule for elevane som kjem derfrå. For å få det til vil vi vera avhengig av hjelp frå foreldra. Vi vil senda ut ranselpost til hausten.

– Treningane vil i utgangspunktet vera felles for gutar og jenter, men blir interessa stor, så kan det vera at vi delar dei, forklarar Tungeland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.