Banerekord i barnestemne
Etter sjukdom før jul er formen på veg tilbake hos Sverre Lunde Pedersen. På Hamar leika han seg inn til ny banerekord på 3000 meter.
Skøytelandslaget er samla i Vikingskipet på Hamar før avreise til EM i helga. Då landslagsutøverane sundag fekk lov til å gå i ei gjesteklasse under barnestemnet «Hamarlekene» klinka Sverre Lunde Pedersen like godt til med ny banerekord på 3000 meter med tida 3.44.11.
– Det var ei god gjennomkøyring og godt å få gått løp igjen, seier Sverre Lunde Pedersen.
Omlag 350 unge skøyteløparar deltok på stemnet og fekk sjå dei store forbilda sine gå 500 og 3000 meter.
– 500 meteren gjekk òg greitt med tida 36,93.
Trent godt i jula
Etter sjukdommen før jul, som gjorde at han droppa NM, har osingen fått trent godt gjennom jula.
– Det blei fire dagar kor eg ikkje trente i det heile tatt.
– Deretter starta eg litt forsiktig, før eg gjennom jula har fått trent ganske bra.
– Det var gode svar eg fekk på Hamar i går, smiler Lunde Pedersen.
Vil splitta nederlenderane
Allereie til helga, 10. og 11. januar, går sesongens første meisterskap, når EM allround blir arrangert i russiske Chelyabinsk.
– Målet er å kjempa om ein medalje.
– Då må eg i såfall splitta dei tre nederlenderane - Sven Kramer, Wouter olde Heuvel og Koen Verweij.
– Dei er tøffe konkurrentar, så eg må levere heilt i toppen på alle fire distansane om det skal gå, forklarar osingen.
– Kva distanse er du mest spent på, 500 meteren?
– Det er den og 10 000 eg har gått minst av, men det gjeld dei andre òg, så vi stiller ganske likt.
– Kjempehyggeleg
Før jul fekk Lunde Pedersen tildelt eit toppidrettsstipend på 40 000 kroner av Bergen kommune. I tillegg blei han av BA kåra til årets sportsnamn i 2014.
– Det er klart at slik merksemd er kjempehyggeleg.
– Det at eg blei kåra til årets sportsnamn syner at folk følgjer med meg og at eg har gjort mykje riktig.
– Eg trur nok resultata i verdscupen no før jul har betydd mykje for at det blei nettopp eg som blei vinnaren.
– Stipendet frå Bergen kommune hjelper på satsinga.
– Vi mangler framleis sponsorar i skøyteforbundet, så det er klart at dei ekstra kronene kjem godt med, avsluttar Sverre Lunde Pedersen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.