Bare Egil og Aslags superpopulære barneshow

Så gøy!

Foto: Lars Opstad
 
Bare Egil & Aslags superpopulære barneshow
Aslag Guttormsgaard og Egil Hegerberg har spelt saman i band i meir enn tjue år, som Hurra Torpedo og Black Debbath. Aslag er òg velkjend frå diverse rollar i barne-TV-seriar som “Hønsemannen”, “Lesekorpset” og “Kometkameratene”. Egil er kjend frå TV-program som “Brille” og “Nytt på nytt” og ikkje minst frå sitt eige “Bare Egil Band”, som har synt seg å ha stor gjennomslagskraft både blant barn og vaksne.
Saman kjem dei med eit superpopulært barneshow i grenseland mellom konsert og teater. Etter meir enn to hundre framsyningar, både i regi av Rikskonsertene, Den kulturelle skulesekken og diverse kulturhus og andre konsertscener, er showet godt innøvd, men med ekstremt mykje publikumsinvolvering er det likevel aldri to like framsyningar. Dette er nemleg eit svært morosamt, men til tider òg utfordrande show for barna. Her får dei gjerne sitt første brutale møte med alt frå ironi til ein del «ubehagelege sanningar”, som dei kanskje ikkje er heilt vande med å høyre. Mellom anna at barn faktisk er ein god del dummare enn vaksne, og at dei òg er nokså bråkete. Dette siste er på mange vis ein sjølvoppfyllande profeti, for det blir som regel eit voldsamt engasjement i det unge publikummet.
 
Passar best frå 6 år og oppover.
Ord: 175,-
 
Følg gjerne vårt Facebook-arrangement!

Oseana Kunst & Kultursenter

Lørdag, februar 1, 2020 - 13:00