Lokal | 10. okt. 2018

Barn i båt: – Det ser ut som om fornuften sigrar

Søviknes nøgd etter at næringsministeren tok grep.

Barn i båt: –  Det ser ut som om fornuften sigrar
Frå «maritime dagar» ved Søre Øyane barneskule, her i 2014. (Foto: Kari Marie A. Lyssand)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. okt. 2018 07:30

Då Sjøfartsdirektoratet varsla innstrammingar, og desse viste seg å ramma opplæringstiltak for born og ungdom, skapte det store reaksjonar hos skular, barnehagar og andre som driv undervising og aktivitet i båt.

I Os er det fleire som ville blitt ramma, blant anna dei som kvart år har tatt niandeklassingar med i oselvar.

• Les òg: Sjøen var ikkje for alle?

I går blei det klart at næringsminister Torbjørn Røe Isaksen har tatt grep.

– Eg har bedt Sjøfartsdirektoratet om å prioritera arbeidet med eit nytt regelverk som blant anna gjeld for barnehagar, skular og leirskular som tar med barna i båt, seier næringsministeren, ifølgje regjeringen.no.

- Eg ønskjer ikkje at ein aktivitet som lærer unge om sjøvett skal forsvinna. Dette er framtidas fritidsbåtbrukarar, dess tidlegare dei lærer korleis dei bør oppføra seg på sjøen, dess betre.

Engasjement gav effekt

Ordførar Terje Søviknes er ikkje overraska, men glad.

– Det har vore eit stort engasjement langs kysten, og dette har resultert i mange oppslag i media. No ser det heldigvis ut som om fornuften vil sigra.

– Har du sjølv hatt dialog med tidlegare kollegaer i regjeringa om denne saka?

– Ja. Ikkje med Isaksen direkte, men med andre, og eg forsto at det var stor vilje ho fleire i regjeringa til å ta tak i denne saka.

Nytt regelverk til våren

Næringsministeren understreker at det også er viktig å sørgja for god tryggleik i opplæringssituasjonar. Det er Sjøfartsdirektoratet som vurderer kva som er eit forsvarleg tryggleiksnivå ut frå båttype og kva båten skal brukast til.

I løpet av hausten vil Sjøfartsdirektoratet senda på høyring eit forslag om endringar i regelverket for fartøy som fører inntil 12 passasjerer. Næringsministeren oppfordrar dei som har synspunkt om å senda høyringsinnspel til direktoratet.

Målet er at aktiviteten kan halda fram, samtidig som tryggleiken er ivaretatt.

- Eit nytt regelverk må vera på plass i løpet av våren 2019, og det bør bli opna for at dei som i dag organiserer båtturar med barn kan halda fram med dette til nytt regelverk er på plass.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.